YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 42

42
Herrens tenar, eit lys for folkeslaga
1 # 11,2; 49,3; 61,1ff; Matt 3,17; 12,18ff; 17,5; Apg 10,38; 2 Pet 1,17 Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.
2Han skrik ikkje og ropar ikkje,
røysta hans høyrest ikkje i gatene.
3 # Sal 34,19; Jes 57,15; Matt 11,28 Han bryt ikkje eit knekt siv
og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
Med truskap skal han føra retten ut.
4Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
før han har sett retten igjennom på jorda.
Fjerne kystar ventar på hans lov.
5 # 40,22+ Så seier Gud Herren,
som skapte himmelen og spente han ut,
som breidde ut jorda og alt som spirer der,
som gjev pust til folket på jorda
og ånd til dei som ferdast der:
6 # 9,2ff; 49,6ff; 60,3; Luk 2,32; Apg 13,46f Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,
7 # 9,2ff; 61,1; Luk 1,79; 4,18ff; Apg 26,18 for å opna blinde auge
og føra fangar ut or fengselet,
dei som sit i mørkret,
ut frå fangehola.
8 # 2 Mos 3,15; Jes 48,11 Eg er Herren, det er mitt namn.
Mi ære gjev eg ikkje til andre,
min lovsong ikkje til gudebilete.
9 # 41,22f; 43,18f; 46,10; 48,3 Dei første ting, sjå, dei er komne.
No fortel eg noko nytt.
Før det spirer fram,
får de høyra om det.
Den nye songen
10 # Sal 96,1; Op 5,9; 14,3 Syng for Herren ein ny song,
ein lovsong for han frå endane av jorda,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de kystar og alle som bur der!
11 # 60,7 Ørkenen og byane der skal stemma i,
landsbyane der Kedar bur.
Dei som bur i Sela, skal jubla,
dei skal ropa frå fjelltoppane.
12 # 5 Mos 32,3; Sal 72,9ff; Mal 1,11; Op 14,7 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på kystane.
13 Herren dreg ut som ein helt,
som ein krigar eggjar han si stridslyst,
han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
han viser sin styrke for fiendane:
14 # 57,11 Eg har vore taus i lange tider,
har tagd og halde meg tilbake.
No skrik eg som ei fødande kvinne,
eg stønnar og snappar etter pusten.
15 # 50,2 Eg gjer fjell og haugar aude
og tørkar ut alt grønt på dei.
Elvar gjer eg til tørt land,
sjøar tørkar eg ut.
16 # Sal 97,11; 112,4; Jes 40,4 Eg fører dei blinde
på ein veg dei ikkje kjenner,
på stigar dei ikkje kjenner,
leier eg dei.
Eg gjer mørkret framfor dei til lys
og ulendt mark til slette.
Dette er det eg vil gjera,
og eg skal ikkje la det vera.
17 # Sal 97,7 Med skam må dei vika tilbake,
dei som stolar på gudebilete,
dei som seier til støypte bilete:
«De er våre gudar.»
Herrens døve og blinde folk
18 # 43,8 Høyr, de døve!
De blinde,
lyft auga og sjå!
19Kven er blind, om ikkje tenaren min,
kven er døv som bodberaren eg sender?
Kven er blind som utsendingen min,
like blind som Herrens tenar?
20 # 6,9; Matt 13,13ff Du ser mykje, men ensar det ikkje.
Han har opne øyre, men høyrer ikkje.
21 Herren ville for si rettferd skuld
gjera lova stor og herleg.
22Men dette er
eit rana og plyndra folk.
Alle er lenkja i fangehol,
bortgøymde i fengsel.
Dei vart rana,
og ingen berga dei,
dei vart plyndra,
og ingen sa: «Gjev tilbake!»
23Kven av dykk vil høyra på dette,
lytta og lyda i framtida?
24 # 2 Mos 18,20; Jes 2,3; Mi 4,2 Kven overgav Jakob til plyndring
og Israel til ransmenn?
Var det ikkje Herren,
han som vi synda mot?
Dei ville ikkje gå på hans vegar
og ikkje lyda hans lov.
25 # Jer 7,20; Am 4,6ff Så auste han
sin brennande vreide
og krigens redsle ut over han.
Det loga omkring han,
men han skjøna det ikkje,
det brende han,
men han brydde seg ikkje om det.

Currently Selected:

Jesaja 42: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy