YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 4

4
1Den dagen skal sju kvinner
gripa tak i same mann og seia:
«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,
berre vi får bera ditt namn.
Ta vår vanære bort!»
Sions framtid
2 # 4,2 Herrens spire nemning for den rettferdige kongen (Messias) som skal frelsa Israel. Jf. 11,1; Jer 23,5; 33,15; Sak 3,8; 6,12. Den dagen skal Herrens spire
bli til herlegdom og ære
og frukta i landet til stordom og heider
for dei som slapp unna i Israel.
3 # 2 Mos 32,32f; Sal 69,29; Jes 6,13; Dan 12,1 Resten som er på Sion,
og som er att i Jerusalem,
skal kallast heilag,
kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.
4 # 1,25 Herren skal vaska skiten av Sions døtrer
og skylja bort alt blodet frå Jerusalem
med Anden som dømmer,
med Anden som reinsar.
5 # 2 Mos 13,21; Sal 78,14; 105,39; Sak 2,9 # 4,5 røyksky … eld >2 Mos 13,21. Så skal Herren skapa
ei røyksky om dagen
og røyk og lys frå ein flammande eld om natta
over heile Sion-fjellet
og over møtestadene der.
For over all herlegdom skal det vera eit vern,
6 # 25,4 ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen
og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.

Currently Selected:

Jesaja 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy