YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 32

32
Når kongen rår med rettferd
1 # Sal 45,7f; 72,1ff; Jes 11,4ff; Jer 23,5f Sjå, med rettferd skal kongen råda
og stormenn styra med rett.
2 # 25,4 Dei skal vera som ei livd mot vinden
og eit skjul mot styrtregn,
som rennande bekker i tørt land,
som skuggen av eit mektig berg
på utpint jord.
3 # 6,9ff; 29,9ff; 35,5 Sjåande auge blir ikkje blinde,
høyrande øyre skal lytta.
4Tankelause hjarte skal læra å skjøna,
stammande tunger skal tala lett og klårt.
5Dåren skal ikkje lenger kallast stormann
og kjeltringen ikkje kallast fornem.
6 # Ordt 13,16; 15,2 For dåren talar dårskap,
hjartet hans valdar vondt:
Han gjer gudlaus gjerning,
talar gale om Herren,
lèt den svoltne sakna mat
og den tørste mangla drikke.
7 # Sal 10,2.7ff Våpna til kjeltringen er vonde.
Han legg skamlause planar,
vil skada dei hjelpelause med løgn
når den fattige talar si sak.
8Men stormannen legg store planar.
Han står fast på det som er stort.
Før frelsetida kjem
9 # 3,16ff; Am 4,1ff Sorglause kvinner, stå opp, høyr mi røyst!
Trygge døtrer, lytt til mitt ord!
10I dagar og år skal de skjelva, de trygge.
For vinhausten slår feil,
frukthausten kjem ikkje.
11 # 32,11 sekkestrie >15,3. Skjelv, de sorglause,
skjelv, de trygge!
Kled dykk nakne,
bind sekkestrie om hoftene!
12Dei klagar over brysta,
over dei herlege åkrane,
over dei grøderike vinstokkane,
13over jorda til folket mitt
der torn og tistel skyt opp,
ja, over kvart lukkeleg hus
i den jublande byen.
14 # 2 Krøn 27,3; Neh 3,26ff For borga er oppgjeven
og den larmande byen forlaten.
Haug og vakttårn har for alltid
vorte til gøymestader
der villesel gleder seg
og buskapar beiter,
15 # 29,17; 44,3; Esek 39,29; Joel 3,1ff; Apg 2,1ff heilt til Ande blir aust ut over oss
frå det høge.
Då skal ørkenen bli til ein frukthage,
og ein frukthage skal reknast for skog.
16I ørkenen skal retten slå seg ned,
i frukthagen skal rettferd bu.
17Då skal rettferds verk vera fred,
rettferds gjerning tryggleik og ro
til evig tid.
18 # 33,20 Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass,
i trygge heimar og på sikre kvilestader.
19 # 10,18.33f Skogen skal fellast og falla,
byen skal søkka i djupet.
20Sæle er de
som sår ved alle vatn,
og som lèt okse og esel
gå fritt omkring.

Currently Selected:

Jesaja 32: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy