YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 28

28
Storm over leiarane i Samaria
1 # 1 Kong 16,24; Am 6,6–10 # 28,1 Efraim >7,2. den prektige … hovudpryd hovudstaden Samaria, som låg på ei høgd i eit grøderikt landskap. Ve den prektige kransen,
Efraims herlege hovudpryd,
ein visnande blome.
Efraims fruktbare landskap
er krona av fulle menn
utslegne av vin.
2 # 2 Kong 18,9ff # 28,2 ein som er sterk og mektig assyrarkongen. Sjå, Herren har ein som er sterk og mektig
som ei haglskur og ein herjande storm,
som ei kraftig regnskur med vatn som fløymer.
Med handa slår han den prektige kransen til jorda,
3Efraims fulle menn skal trakkast under fot.
4Den visnande blomen, hans herlege hovudpryd
på toppen av den grøderike dalsida,
skal bli som ein forsommarfiken:
Ikkje før har nokon sett han og fått han i handa,
så er han slukt.
5 # 10,21; 11,16; 18,7 Den dagen skal Herren over hærskarane
bli ein fager krans og ei strålande krone
for den resten som er att av hans folk.
6 # 11,2ff Han skal gje rettens ånd til den som sit til doms,
og styrke til dei som slår åtak tilbake frå porten.
Domsord mot prest og profet
7 # 5,11ff Også desse sjanglar av vin,
ravar av sterk drikk:
prest og profet sjanglar av drikk,
er fortumla av vin,
ravar av drikk,
sjanglar når dei har syn,
vaklar når dei dømmer.
8For alle bord er fulle av spy og skit.
Ikkje ein rein flekk!
9Kven vil han gje kunnskap?
Og kven vil han forklara sin bodskap?
Dei som er avvande frå mjølk,
dei som er tekne frå brysta?
10 # 28,10 Sav lasav … kav lakav kanskje etterlikning av fylleprat eller babyspråk. Den tradisjonelle omsetjinga «bod på bod, krav på krav» tek utgangspunkt i to kjende hebr. ord: sav, som minner om ordet som tyder «bod», og kav, som kan tyda «loddsnor», «vektlodd». «Sav lasav, sav lasav,
kav lakav, kav lakav,
litt her, litt der!»
11 # 33,19; 1 Kor 14,21 # 28,11 framandt tungemål det assyriske målet som fienden tala. For med stammande lepper
og på framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 # Jer 6,16; Matt 11,28f; 23,37 han som sa til dei:
«Her er kvila, lat den trøytte få kvila,
her er ro.»
Men dei ville ikkje høyra.
13 # 8,15 Så skal Herrens ord til dei bli:
«Sav lasav, sav lasav,
kav lakav, kav lakav,
litt her, litt der!»
– så dei skal snubla når dei går,
falla bakover og skamslå seg,
gå i snara og bli fanga.
Hjørnesteinen på Sion
14Difor, høyr Herrens ord, de spottarar
som herskar over dette folket i Jerusalem!
15 # 28,15 gjort pakt med døden Åtaket frå assyrarane har gjort at dei slo lag med Egypt, der dødsguden Osiris spela ei stor rolle, ved paktskipingar òg. flaumen assyrarhæren. Jf. 8,7. For de seier:
«Vi har gjort pakt med døden
og gjort avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem fløymande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort løgn til vårt ly
og gøymt oss bak svik.»
16 # Sal 118,22; Matt 21,42; Rom 9,33; 1 Pet 2,6 Difor, så seier Herren Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein stein som er utprøvd,
ein kostesam hjørnestein,
eit sikkert fundament.
Den som trur, har inga hast.
Underleg er Herrens gjerning
17Eg vil gjera rett til målesnor,
rettferd til vektlodd.
Hagl skal sopa bort lyet av løgn,
vatn skal fløyma over gøymestaden.
18Pakta med døden skal opphevast,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem fløymande,
skal de trakkast ned.
19Kvar gong han kjem,
skal han ta dykk.
For han kjem, morgon etter morgon,
dag og natt.
Den som skjønar bodskapen, må skjelva.
20Senga er for kort til å strekkja seg i
og teppet for lite til å dekkja seg med.
21 # Jos 10,12; 2 Sam 5,20.25; 1 Krøn 14,11.16 For Herren skal reisa seg
som på Perasim-fjellet
og rasa som i dalen ved Gibeon.
Han skal gjera si gjerning,
ei underleg gjerning.
Han skal utføra sitt verk,
eit framandt verk.
22 # 10,23 Og no, hald opp med å spotta
så lenkjene ikkje blir stramma!
For frå Herren, allhærs Gud, har eg høyrt
at utsletting er fastsett for heile jorda.
Gud er stor i visdom
23Vend øyret til og høyr på meg,
lytt og høyr kva eg seier!
24Når bonden vil så,
held han då på heile tida
med å pløya, snu og harva si jord?
25 # 28,25 spelt ein kornsort. Jf. 2 Mos 9,32; Esek 4,9. Når han har jamna åkeren,
spreier han ikkje då dill og strør ut karve,
sår han ikkje kveite i rader,
bygg på ein høveleg stad
og spelt langs kantane?
26Hans Gud har vist han den rette måten
og lært han korleis det skal gjerast.
27For dill blir ikkje treskt med slede,
og karve blir ikkje overkøyrd av vognhjul.
Nei, dill blir banka ut med stav
og karve med kjepp.
28Blir brødkornet knust?
Nei, ein treskjer det ikkje for alltid.
Ein driv vognhjul og hestar over det,
men lèt dei ikkje knusa kornet.
29Også dette kjem
frå Herren over hærskarane.
Hans råd er underfulle,
hans visdom er stor.

Currently Selected:

Jesaja 28: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy