YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 2

2
Englars ord og Kristi ord
1 # 2 Pet 3,17 Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje driv bort frå det. 2#Apg 7,53; Gal 3,19#2,2 ordet … englar Moselova. >Gal 3,19. =Skrifta. For når det ordet som vart tala gjennom englar, var gyldig, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff, 3#Apg 10,37; Hebr 10,29; 12,25 korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. 4#Apg 2,22; 1 Kor 12,11; 2 Kor 12,12 Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.
5For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om. 6#Sal 8,5ff#2,6 ein menneskeson Sitatet frå Sal 8,5–7 blir her nytta om Jesus, Menneskesonen. >Matt 8,20. Dette er det ein som har vitna om ein stad:
Kva er eit menneske – at du hugsar på det,
ein menneskeson – at du tek deg av han?
7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
Så krona du han med herlegdom og ære.
8 # 1 Kor 15,27 Alt la du under hans føter.
Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han. 9#Fil 2,8f Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
10 # Apg 3,15; 5,31; Rom 11,36; Hebr 5,9; 12,2 Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar. 11#Matt 12,50; Joh 17,17.19; 20,17 Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken. 12#Sal 22,23; Joh 17,6 Han seier:
Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,
midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
13 # Jes 8,17f Og like eins:
Eg vil setja mi lit til han.
Og vidare:
Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.
14 # Fil 2,7; 2 Tim 1,10; 1 Joh 3,8 Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen, 15#Rom 5,12ff og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv. 16#Jes 41,8f For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt. 17#4,14+#2,17 øvsteprest … folket I GT hadde prestane, og særleg øvstepresten, i oppgåve å gjera reinsing, soning, for syndene til folket. =offer og soning. Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket. 18#Matt 4,1ff; Hebr 4,15 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.

Currently Selected:

Hebrearane 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy