YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 29

29
Jakob hos Laban
1 # 29,1 folka i aust her om aramearar i Nord-Mesopotamia, elles om nordarabiske stammar som heldt til aust for Kanaan. Jf. Dom 6,3.33. Så drog Jakob vidare og kom til landet der folka i aust bur. 2#24,11+ Då fekk han auge på ein brønn på marka og tre saueflokkar som låg omkring han; for av den brønnen gav dei buskapen vatn. Over opninga låg det ein stor stein. 3Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen bort frå brønnopninga og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att. 4Jakob spurde gjetarane: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Harran», sa dei. 5#24,24.29 Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nahor?» Dei svara: «Ja, han kjenner vi.» 6«Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!» 7Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!» 8Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.»
9Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette. 10Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka. 11Så kyste han Rakel og brast i gråt. 12Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin. 13Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane rundt han og kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt. 14Då sa Laban til han: «Du er jo av same bein og kjøt som eg!» Så vart Jakob verande hos han ein månads tid.
Jakob og Rakel
15Ein dag sa Laban til Jakob: «Sjølv om du er slektningen min, skal du ikkje arbeida for meg utan betaling. Sei meg kva du vil ha i løn!» 16No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. 17#29,17 matte auge Det hebr. uttrykket kan òg tyda «milde auge». Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker. 18Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.» 19Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!» 20#Hos 12,13 Så arbeidde Jakob i sju år for Rakel. I hans auge var åra som nokre få dagar, så glad var han i henne.
21Jakob sa til Laban: «Gjev meg no kona mi så eg kan gå inn til henne, for eg har tent mi tid!» 22Då samla Laban alt folket der på staden og laga til festmåltid. 23Om kvelden tok han dottera Lea og førte henne til Jakob, og han gjekk inn til henne. 24Laban sette Silpa, slavekvinna si, til å tena hos Lea.
25Men då det vart morgon, sjå, då var det Lea! Han sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hos deg? Kvifor har du narra meg?» 26Laban svara: «Vi gjer det ikkje slik her hos oss at vi gjev bort den yngste før den eldste. 27#Dom 14,12.17 Lat bryllaupsveka gå til ende, så skal du få den andre òg, mot at du arbeider hos meg i sju år til!» 28Jakob så gjorde. Han lét bryllaupsveka gå til ende, og Laban gav han dottera Rakel til kone. 29Laban sette Bilha, slavekvinna si, til å tena hos Rakel. 30Så gjekk Jakob inn til Rakel òg, og han elska Rakel meir enn Lea. Sidan arbeidde han hos Laban i sju år til.
Sønene til Jakob
31 # 20,18+ Herren såg at Lea ikkje vart elska, opna han morslivet hennar; men Rakel var barnlaus. 32#29,32 Ruben Namnet tyder «Sjå, ein son». Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.» 33#29,33 Simon Namnet liknar på det hebr. ordet for «å høyra». Ho vart med barn ein gong til og fødde ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg ikkje vart elska; no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simon. 34#29,34 Levi Namnet liknar på det hebr. ordet for «å bli knytt til». Sidan vart ho med barn att og fødde ein son. Då sa ho: «No må då mannen min bli knytt til meg, sidan eg har fødd han tre søner.» Så kalla ho han Levi. 35#29,35 Juda Namnet liknar på det hebr. ordet for «å takka». Endå ein gong vart ho med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Denne gongen vil eg takka Herren.» Difor kalla ho han Juda. No fekk ho ikkje fleire born.

Currently Selected:

1. Mosebok 29: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy