YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 41

41
Tempelbygningen
1Han førte meg inn i tempelhallen og målte pilarane der. Dei var seks alner breie på kvar side. 2Døropninga var ti alner brei, og veggene på kvar side var fem alner. Han målte hallen; han var førti alner lang og tjue alner brei.
3Så gjekk han inn i det indre rommet og målte pilarane attmed døropninga til to alner. Opninga var seks alner og sideveggene sju alner breie. 4Han målte lengda av rommet til tjue alner og breidda mot hallen til tjue alner. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5Han målte tempelveggen; han var seks alner tjukk. Breidda på sidebygget som låg rundt heile tempelet, var fire alner. 6Sideromma låg i tre høgder, det eine over det andre, i alt tretti. Dei låg inn mot tempelveggen. I tempelveggen var det framspring som feste for sideromma omkring. Ikkje noko feste gjekk inn i sjølve tempelveggen. 7Ein brei gang gjekk rundt og opp til sideromma. For gangen steig omkring tempelbygningen. Difor vart bygningen brei i høgda. Slik kom ein nedanfrå og heilt opp gjennom den mellomste høgda.
8Eg såg at grunnen var bygd noko høgare rundt tempelet til fundament for sideromma. Han målte ei heil målestong, seks alner, ut til kanten. 9Ytterveggen i sideromma var fem alner tjukk. Mellom sideromma ved tempelet 10og dei andre romma var det ein open plass, tjue alner brei. Han gjekk rundt heile tempelet. 11Sideromma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren omkring plassen var fem alner tjukk. 12Bygningen som vende mot den inngjerda plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.
13Han målte tempelet. Det var hundre alner langt. Den inngjerda plassen med bygning og vegger var òg hundre alner lang. 14Framsida på tempelet og den inngjerda plassen mot aust var i alt hundre alner brei. 15Så målte han lengda av bygningen ut mot den inngjerda plassen på baksida. Med avsatsane på begge sider var det i alt hundre alner.
Den indre tempelhallen og forhallen ut mot føregarden 16hadde tak. Langs dei bordkledde gangane over fundamentet var det tronge vindauge i dei tre høgdene. Veggene var bordkledde frå bakken opp til vindauga 17og over døropninga. Både i og utanfor tempelet, overalt på veggene inne og ute, var det felt med 18#1 Kong 6,29 bilete av kjerubar og palmar, éin palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet. 19Eit menneskeandlet var vendt mot palmen frå den eine sida og eit løveandlet frå den andre. Slike bilete var det overalt i tempelet. 20Frå bakken til opp over døra var det bilete av kjerubar og palmar på veggene i tempelhallen.
21Tempelhallen hadde firkanta dørstolpar. Framfor det heilage rommet var det noko som kunne sjå ut som 22#2 Mos 30,1–3; 1 Kong 6,20f#41,22 eit altar av tre røykjelsesaltaret, som i Salomos tempel var kledd med sedertre. Jf. 1 Kong 6,20. eit altar av tre, tre alner høgt og to alner langt. Det hadde hjørne, sokkel og vegger av tre. Han sa til meg: «Dette er det bordet som står framfor Herrens andlet.»
23Tempelhallen hadde to dører, og det heilage rommet 24#1 Kong 6,31–35 hadde to dører. Dei hadde to svingbare blad, to blad på kvar dør. 25På dørblada til tempelhallen var det bilete av kjerubar og palmar, slik som på veggene. På utsida av forhallen var det ein himling av tre. 26Det var tronge vindauge og palmeornament på begge sider i forhallen, i sideromma rundt tempelet og på himlingane.

Currently Selected:

Esekiel 41: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy