YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 2

2
Bokrullen
1 # Dan 10,11 # 2,1 Menneske Denne tiltalen, som kjem att ofte (2,3.6; 3,1 osb.), minner om at profeten skil seg frå dei himmelske skapningane ved at han er jordisk og veik. Det hebr. uttrykket er «menneskeson». Jf. Dan 7,13. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.» 2#3,24 Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.
3Han sa til meg: «Menneske! Eg sender deg til israelittane, til opprørske folkeslag som har reist seg imot meg. Dei og fedrane deira har synda mot meg til denne dag. 4#Jes 6,10; 48,4+ Til desse borna med steinandlet og harde hjarte sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud. 5#3,11.27; 33,33 Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei forstå at ein profet har vore hos dei. 6#3,9 Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og ver ikkje redd for det dei seier, sjølv om klunger er omkring deg og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skremma av det dei seier, og mist ikkje motet, sjølv om dei er ei trassig ætt. 7Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje, for trassige er dei. 8Men du, menneske, høyr på det eg har å seia deg! Ver ikkje trassig som denne trassige ætta. Lat opp munnen og et det eg vil gje deg.»
9 # Op 5,1 Eg såg, og sjå! – ei hand var rett fram mot meg, og ho heldt ein bokrull. 10Han opna rullen framfor meg. Det var skrive på han, både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var likklage, sukk og verop.

Currently Selected:

Esekiel 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy