YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 5

5
Farao nektar Israel å dra
1 # 3,18+ Sidan gjekk Moses og Aron til farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan feira høgtid for meg i ørkenen!» 2«Kven er Herren?» spurde farao. «Skulle eg lyda han slik at eg lét folket fara? Eg kjenner ikkje Herren, og eg vil ikkje la Israel fara.» 3Dei sa: «Han som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal råka oss med pest eller sverd.» 4#1,11 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor vil de halda folket borte frå pliktene? Gå tilbake til arbeidet dykkar!» 5#1,7.12 Så sa farao: «Sjå kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de få dei til å leggja ned arbeidet!»
6Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket: 7#5,7 halm Oppkutta halm vart blanda i leira for å binda henne og for å gjera dei tørka mursteinane sterkare. «Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm. 8Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud! 9Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!»
10Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm. 11Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.»
12Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm. 13Slavedrivarane pressa på og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!» 14Og dei vart slegne, dei oppsynsmennene som slavedrivarane til farao hadde sett over israelittane. Slavedrivarane sa: «Kvifor har de verken i går eller i dag fått ferdig den fastsette mengda med murstein, slik som før?»
15Då gjekk dei israelittiske oppsynsmennene og ropa til farao: «Kvifor gjer du dette mot tenarane dine? 16Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.» 17Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Lat oss dra og ofra til Herren. 18Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, og de skal koma med den fastsette mengda med murstein.»
19Dei israelittiske oppsynsmennene skjøna at dei var ille ute då det vart sagt: «De får ikkje skjera ned på den daglege mengda med murstein!» 20Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei. 21Dei sa til dei: «Måtte Herren sjå dykk og dømma dykk, for de har gjort oss fråstøytande i auga til farao og tenarane hans. De har lagt sverd i handa på dei så dei kan drepa oss.» 22#3,10ff Då vende Moses seg på nytt til Herren og sa: «Herre, kvifor har du handla vondt mot dette folket? Kvifor har du sendt meg? 23Frå den stund eg gjekk til farao for å tala i ditt namn, har han mishandla folket. Og du har ikkje gjort noko for å fria folket ditt ut!»

Currently Selected:

2. Mosebok 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy