YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 37

37
Paktkista med soningsstaden
1 # 25,10ff+ Besalel laga paktkista av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg. 2Han kledde henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt kista. 3Han støypte fire gullringar til dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida. 4Så laga han berestenger av akasietre, kledde dei med gull 5og stakk stengene inn i ringane på begge sider slik at kista kunne berast.
6 # 25,17ff+ Han laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen langt og ei og ei halv alen breitt. 7På kvar side av soningsstaden laga han to kjerubar av hamra gull, 8ein kjerub på den eine sida og ein på den andre sida. Han laga dei slik at dei gjekk i eitt med soningsstaden frå begge endar. 9Kjerubane lyfte vengene og breidde dei utover slik at dei dekte soningsstaden. Kjerubane var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
Bordet med skodebrøda
10 # 25,23ff Bordet laga han av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt. 11Han kledde det med reint gull og laga ein gullkant rundt det. 12#37,12 ei handsbreidd ca. 8 cm. Så laga han ei list til bordet. Ho var ei handsbreidd tjukk og gjekk heilt rundt. Rundt lista laga han ein gullkant. 13Han støypte fire gullringar til bordet og sette ringane på dei fire hjørna ved dei fire føtene. 14Ringane sat tett inntil lista. Dei var haldarar for stengene som var til å bera bordet med. 15Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast. 16Av reint gull laga han utstyret til bordet: fat og skåler, bollar og kanner til drikkofferet.
Lysestaken
17 # 25,31ff Han laga lysestaken av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar vart hamra ut av eitt stykke. 18Seks armar gjekk ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre. 19På den første armen var det tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom, på den neste armen tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken. 20På sjølve staken var det fire mandelforma skåler med knoppar og blomar. 21Det var ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken. 22Knoppane og armane gjekk i eitt med staken. Det heile var hamra ut av eitt stykke reint gull. 23Av reint gull laga han òg dei sju lampene til lysestaken og tengene og oskeskuffene som høyrde til. 24#37,24 ein talent ca. 34,2 kg. Ein talent reint gull brukte han til lysestaken og alt utstyret som høyrde til.
Røykjelsesaltaret
25 # 30,1ff Han laga røykjelsesaltaret av akasietre. Det var firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det. 26Både toppen, sidene og horna kledde han med reint gull, og han laga ein gullkant som gjekk rundt det. 27Nedanfor kanten, på begge sider, sette han to gullringar. Dei var haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kunne berast. 28Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. 29#30,23ff+ Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen slik ein salveblandar gjer det.

Currently Selected:

2. Mosebok 37: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy