YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 27

27
Brennofferaltaret
1 # 38,1ff; 40,29 # 27,1 5 alner, 3 alner ca. 2,5 m og 1,5 m. Du skal laga altaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det skal vera firkanta og tre alner høgt. 2På kvart av dei fire hjørna skal du laga eit horn, og horna skal gå i eitt med altaret. Du skal kle det med bronse. 3Så skal du laga fat til å samla opp den feite oska, og eldskuffer, offerskåler, kjøtgaflar og glopanner. Alt utstyret til altaret skal du laga av bronse. 4Du skal laga ei rist til det, ein bronsenetting. På nettingen skal du laga fire bronseringar, ein i kvart hjørne av altaret. 5Så skal du leggja rista nedst, under kanten som er omkring altaret, slik at ho når midt opp på altaret. 6Du skal laga stenger til altaret av akasietre og kle dei med bronse. 7Stengene skal stikkast inn i ringane så dei sit på begge sidene av altaret når det blir bore. 8Altaret skal vera holt og laga av treplankar. Det skal lagast slik det vart synt deg på fjellet.
Føregarden
9 # 38,9ff # 27,9 100 alner ca. 50 m. Du skal laga ein føregard til bustaden. Mot sør, på sørsida av føregarden, skal det vera eit omheng av fint, tvinna lin. Det skal vera hundre alner langt på denne sida, 10med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv. 11Like eins skal det vera eit hundre alner langt omheng på nordsida, med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv. 12#27,12 50 alner ca. 25 m. Langs den tverrsida av føregarden som vender mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner, med ti søyler og ti soklar. 13Austsida, den tverrsida som vender mot aust, skal òg vera femti alner lang. 14#27,14 15 alner ca. 7,5 m. Der skal det vera eit femten alner langt omheng på den eine sida, med tre søyler og tre soklar, 15og på den andre sida eit femten alner langt omheng, med tre søyler og tre soklar. 16#27,16 20 alner ca. 10 m. I porten til føregarden skal det vera eit forheng i farga vevnad, av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det skal vera tjue alner langt, med fire søyler og fire soklar. 17Alle søylene rundt føregarden skal vera feste saman med sølvband og sølvhakar og soklar av bronse. 18Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei på begge sider og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lin og soklane av bronse. 19Alt utstyret som skal brukast til tenesta i bustaden, og alle pluggane, både til teltet og til føregarden, skal vera av bronse.
Olje til lampene
20 # 3 Mos 24,2f Du skal gje israelittane påbod om å skaffa deg rein olje av knust oliven til lampene, så det alltid kan tennast lys. 21I teltheilagdomen, utanfor forhenget framfor vitnemålet, skal Aron og sønene hans sørgja for at lampene kan brenna for Herrens andlet frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig ordning for israelittane frå slekt til slekt.

Currently Selected:

2. Mosebok 27: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy