YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 22

22
Om eigedom
1 # 2 Sam 12,6 Når nokon stel ein okse eller eit lam og slaktar eller sel dyret, skal han som vederlag for oksen gje fem oksar og for lammet fire lam.
2Dersom ein tjuv blir oppdaga medan han bryt seg inn, og han blir slegen så han døyr, då blir det ikkje rekna som blodskuld. 3Men skjer det etter at sola har runne, blir det rekna som blodskuld.
Ein tjuv skal gje full skadebot. Eig han ingenting, skal han seljast som vederlag for det han har stole. 4Dersom det som er stole, endå finst i live hos han, anten det er ein okse, eit esel eller eit lam, skal han gje dobbel skadebot.
5Når nokon lèt feet sitt beita på ein åker eller ei vinmark, og han slepper feet laus så det kjem over på ein annan manns åker og beiter der, då skal han som vederlag gje det beste frå eigen åker og eiga vinmark.
6Når det bryt ut eld og han spreier seg til tornekrattet slik at korn i stakk eller korn på strå eller heile åkeren brenn opp, då skal den som er skuld i brannen, gje full skadebot.
7Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på pengar eller eigedelar for seg, og at dette blir stole frå huset hans. Dersom tjuven blir funnen, skal han gje dobbelt vederlag. 8Men dersom tjuven ikkje blir funnen, skal huseigaren førast fram for Gud, så det kan avgjerast om han har strekt handa si ut etter det som høyrer nesten til. 9I alle saker om lovbrot, anten det gjeld ein okse, eit esel, ein sau, klede eller ting som er komne på avvegar, der nokon seier: «Det var han», skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømmer skuldig, skal gje nesten sin dobbelt vederlag.
10Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på eit esel, ein okse, eit lam eller eit anna dyr, og at det så døyr eller kjem til skade eller blir fanga utan at nokon ser det. 11Då skal saka mellom dei to avgjerast gjennom at han sver ved Herren at han ikkje har strekt handa ut etter det som høyrer nesten til. Eigaren skal godta dette, og den andre skal ikkje gje han vederlag. 12Men er dyret stole frå han, skal han gje eigaren fullt vederlag. 13Er det rive i hel, skal han visa det fram som prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive.
14Når nokon låner eit dyr av nesten sin, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren var til stades, skal han gje fullt vederlag. 15Men var eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigd, skal han likevel ha leiga.
Om morallover og renter
16 # 22,16 brureprisen til vanleg 50 sjekel sølv. Jf. 5 Mos 22,28f. Når ein mann forfører ei jomfru som ikkje er lova bort, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone. 17Men nektar faren å gje henne bort til han, skal han betala ein sum som svarar til brureprisen for ei jomfru.
18 # 3 Mos 20,6.27 Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.
19 # 3 Mos 18,23; 20,15f; 5 Mos 27,21 Den som ligg med dyr, skal døy.
20 # 22,20 slegen med bann og utsletta =bann. Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bli slegen med bann og utsletta.
21 # 23,9; 3 Mos 19,33f; 5 Mos 10,18f; 24,22; Sak 7,10 Du skal ikkje undertrykkja og ikkje gjera urett mot ein innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.
22 # 5 Mos 27,19; Jes 1,17 De skal ikkje plaga enkjer og farlause. 23Plagar du dei, og dei så ropar til meg, vil eg høyra ropet deira. 24Då skal vreiden min flamma opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd så konene dykkar blir enkjer og borna dykkar farlause. 25#3 Mos 25,35f; 5 Mos 23,19f; Sal 15,5; Esek 18,8#22,25 krevja renter Å ta renter av ein landsmann vart rekna for utbytting og var strengt forbode. Jf. 3 Mos 25,36; 5 Mos 23,19. Låner du pengar til ein frå folket mitt, til den fattige hos deg, då skal du ikkje som ein pengeutlånar krevja renter av han. 26#5 Mos 24,12f Tek du kappa frå nesten din som pant, skal du la han få henne att før sola går ned, 27for den er det einaste han har å sveipa seg i. Kappa skal han ha rundt kroppen, kva elles skal han liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam.
28 # Fork 10,20; Apg 23,5 Gud skal du ikkje forbanna, og ein leiar i folket ditt skal du ikkje forbanna.
29 # 13,2+ Ver ikkje sein med å gje av din rikdom og di overflod. Den førstefødde av sønene dine skal du gje til meg. 30#3 Mos 22,27 Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt. Sju dagar skal det vera hos mora, den åttande dagen skal du gje det til meg.
31Heilage menneske skal de vera for meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som er rivne i hel på marka, men de skal kasta det til hundane.

Currently Selected:

2. Mosebok 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy