YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 17

17
Vatn frå berget
1 # 4 Mos 20,1ff; 33,14 Heile Israels forsamling braut opp frå Sin-ørkenen og drog vidare frå stad til stad, slik som Herren baud dei. Dei slo leir i Refidim, men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2#5 Mos 6,16; Matt 4,7 Folket tretta med Moses og sa: «Gjev oss vatn så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?» 3Men folket tørsta etter vatn. Dei klaga til Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og buskapen vår skal døy av tørste?» 4#4 Mos 14,10 Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Snart steinar dei meg!» 5#7,20Herren sa til Moses: «Ta med deg nokre av dei eldste i Israel og gå føre folket. Og staven som du slo på Nilen med, skal du ta med deg når du går. 6#5 Mos 8,15; Sal 78,15f; 105,41; Jes 48,21; 1 Kor 10,4 Sjå, eg skal stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, framfor auga på dei eldste i Israel. 7#Sal 95,8f#17,7 Massa, Meriba hebr. for «prøve» og «trette». Han kalla staden Massa og Meriba. For der tretta israelittane, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren iblant oss eller ikkje?»
Siger over amalekittane
8 # 5 Mos 25,17ff Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim. 9Då sa Moses til Josva: «Vel ut nokre menn for oss, ta i veg og kjemp mot amalekittane! I morgon skal eg stå på toppen av høgda med Guds stav i handa.» 10Josva gjorde som Moses sa, og kjempa mot amalekittane, medan Moses, Aron og Hur gjekk opp på toppen av høgda. 11Då gjekk det slik til at så lenge Moses heldt handa i vêret, hadde israelittane overtaket, men så snart han lét handa siga, fekk amalekittane overtaket. 12Men då Moses trøytna i hendene, fann dei ein stein som han sette seg på. Så støtta Aron og Hur hendene hans, ein på kvar side. Då var hendene hans støe heilt til sola gjekk ned. 13Josva slo amalekittane og hæren deira ned med sverd.
14 # 4 Mos 24,20; 1 Sam 15,2f.20 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette ned i ein bokrull som eit minne, og les det opp for Josva. For eg vil utsletta alt minne om amalekittane under himmelen.» 15Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er mi fane». 16Og han sa: «Handa på Herrens fane! Herren skal kjempa mot amalekittane frå slekt til slekt.»

Currently Selected:

2. Mosebok 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy