YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 13

13
Høgtida til minne om det usyra brødet
1 Herren sa til Moses: 2#13,12f; 22,29; 34,19f; 3 Mos 27,26f; 4 Mos 3,13; Neh 10,36; Luk 2,23 «Alle førstefødde skal du helga til meg. Alt førstefødd hos israelittane, det som opnar morslivet, skal høyra meg til, anten det er menneske eller dyr.»
3 # 12,15+ Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de drog ut frå Egypt, ut frå slavehuset. For med sterk hand førte Herren dykk ut derifrå. Då skal de ikkje eta noko som er syra. 4#12,2#13,4 abib eit anna ord for månaden nisan. =tidsrekning. I dag dreg de ut, i månaden abib. 5#1 Mos 15,18ff; 2 Mos 3,8 Med eid lova Herren fedrane dine å gje deg eit land som fløymer med mjølk og honning. Når så Herren fører deg inn i landet til kanaanearane og hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, då skal du i denne månaden feira denne høgtida slik: 6#12,15+ I sju dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren. 7Alle dei sju dagane skal du eta usyra brød. Det må ikkje finnast noko som er syra hos deg, i heile landet må det ikkje finnast nokon surdeig. 8#12,26f Den dagen skal du fortelja son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg drog ut frå Egypt.» 9#5 Mos 6,8; 11,18 Du skal ha det som eit merke på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på leppene dine. For med sterk hand førte Herren deg ut frå Egypt. 10Denne forskrifta skal du halda til fastsett tid, år etter år.
11Når Herren har ført deg inn i Kanaan, slik han lova deg og fedrane dine, og gjev deg landet, 12#13,2+ då skal du bera fram for Herren alt det som opnar morslivet. Alt det første som blir fødd i buskapen din, og som er av hannkjønn, høyrer Herren til. 13#13,13 eselet vart halde for ureint og kunne difor ikkje nyttast som offerdyr. Jf. 34,20. løysa ut ved å ofra noko anna i staden. Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvart førstefødd gutebarn skal du løysa ut. 14Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt, ut frå slavehuset. 15#4,23+ Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss dra, slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, av både menneske og dyr. Difor ofrar eg til Herren alt av hannkjønn som opnar morslivet, men kvar førstefødd son løyser eg ut. 16Det skal vera eit teikn på handa di og eit merke på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt.»
Skysøyla og eldsøyla
17Då farao lét folket dra, førte Gud dei ikkje gjennom landet til filistrane, sjølv om den vegen var den kortaste. For Gud tenkte at folket kunne koma til å angra seg og venda attende til Egypt dersom dei opplevde krig. 18Difor lét Gud dei gå ein omveg gjennom ørkenen mot Sivsjøen.
Så drog israelittane opp frå Egypt, fullt rusta. 19#1 Mos 50,25; Hebr 11,22 Moses tok med seg knoklane etter Josef. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de ta knoklane mine med dykk herifrå.» 20Dei braut opp frå Sukkot og slo leir i Etam, i utkanten av ørkenen. 21#40,36ff; 4 Mos 9,15ff; 14,14; Neh 9,12; Sal 78,14#13,21 skysøyle, eldsøyle Når Gud openberrar seg, blir det ofte sagt at han syner seg i skyer og eld. Jf. Sal 18,12f; 97,2ff. Og Herren gjekk føre dei; om dagen i ei skysøyle for å syna dei vegen, om natta i ei eldsøyle for å lysa for dei. Slik kunne dei gå vidare både dag og natt. 22Skysøyla veik ikkje frå folket om dagen og eldsøyla ikkje om natta.

Currently Selected:

2. Mosebok 13: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy