YouVersion Logo
Search Icon

Ester 1

1
Dronning Vasjti trassar kong Xerxes
1 # 1,1 Xerxes På hebr. vart han kalla Ahasjverosj. Kusj afrikansk land og folk sør for Egypt, langs Nilen. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 18; Jer 13,23. Dette hende i Xerxes' dagar, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj. 2#1,2 Susa by i Elam, hovudstad i Persarriket. I dei dagane då Xerxes sat på kongetrona i borga Susa, 3#1,3 Persia og Media Desse to landa var det opphavlege Persarriket. i det tredje styringsåret sitt, heldt han ein fest for alle stormennene og tenarane sine. Dei fremste hærførarane i Persia og Media og leiarane for provinsane var hos han. 4I lang tid, 180 dagar, viste han fram sin kongelege rikdom og si prakt og sin store herlegdom og glans.
5Då desse dagane var til ende, heldt kongen endå ein fest for alt folket som var i borga Susa, høg som låg. Festen varte i sju dagar på den opne plassen i hagen ved kongens slott. 6Teppe av det finaste kvite og purpurblå stoff var feste med kvite og purpurraude snorer til ringar av sølv i søyler av alabast. Benker av gull og sølv stod på eit golv av marmor, alabast, perlemor og mosaikksteinar. 7Drikkene vart skjenkte i gullbeger som alle var ulike. Og det var rikeleg av den kongelege vinen, på kongeleg vis. 8Drikkinga gjekk føre seg etter regelen: «Ingen tvang!» For kongen hadde bode at alle hovmeistrane skulle la kvar og ein få så mykje eller lite han sjølv ville ha. 9Samtidig heldt dronning Vasjti fest for kvinnene i slottet til kong Xerxes.
10På den sjuande dagen, då han var oppstemd av vinen, bad kong Xerxes til seg dei sju evnukkane som var hans personlege tenarar, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas. 11Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker. 12Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han. 13#1,13 kunnige … tidene Vismennene var ofte stjernetydarar som uttala seg om framtida og difor kunne vera politiske rådgjevarar. Og han vende seg til vismennene, dei som var kunnige i å tyda tidene, for slik vart kongens saker lagde fram for alle som var kunnige i lov og rett. 14Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som hadde tilgang til kongen og var dei fremste i riket. 15Han spurde dei: «Kva bør etter lova skje med dronning Vasjti sidan ho ikkje gjorde slik kong Xerxes baud henne gjennom evnukkane?»
16Memukan sa til kongen og stormennene: «Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle stormenn og folk i provinsane til kong Xerxes. 17For ryktet om dronninga vil spreia seg mellom alle kvinner og få dei til å forakta mennene sine og seia: Kong Xerxes baud at dronning Vasjti skulle førast fram for han, men ho kom ikkje. 18Alt i dag vil dei fremste kvinnene i Persia og Media tala slik til kongens stormenn når dei får høyra ryktet om dronninga. Og det kjem ikkje til å bli nokon ende på forakt og sinne. 19Dersom kongen finn det for godt, så lat det gå ut eit kongsord, og lat det skrivast inn i lovene i Persia og Media, så det står urokkeleg fast at Vasjti aldri meir skal visa seg for kong Xerxes, og at kongen skal gje hennar rang som dronning til ei anna kvinne som er betre enn ho. 20Når det påbodet kongen sender ut, blir kjent i heile riket, så veldig som det er, vil alle kvinner æra ektemennene sine, høge som låge.»
21Kongen og stormennene syntest godt om dette framlegget, og kongen gjorde som Memukan sa. 22Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, om at kvar mann skulle vera herre i sitt eige hus og tala språket til sitt eige folk.

Currently Selected:

Ester 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy