YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 8

8
Kongens ord og det veike mennesket
1 # Jak 3,13 Kven er som den vise,
ja, kven kan tyda det som hender?
Visdomen lyser opp andletet til mennesket
så det strenge draget mildnast.
2Gjer som kongen byd,
du svor ved Gud å lyda han.
3Ver ikkje snar til å gå bort frå han,
og ver ikkje med på ei dårleg sak!
For kongen gjer alt det han vil.
4Kongens ord er lov,
kven kan seia til han: «Kva gjer du?»
5Den som held bodet hans,
røyner ikkje noko vondt;
den vise kjenner i hjartet
den rette tida og vegen.
6 # 3,1–8 For allting som blir gjort, har si tid og sin veg,
og det vonde som ventar på mennesket,
kviler tungt på han.
7 # 10,14 Han veit ikkje kva som skal henda.
For kven kan seia han kva som skal skje?
8 # 8,8 vinden Ordet har ei dobbel tyding, «vind» og «(livs)ande». Ingen har makt over vinden
så han kan halda han att.
Og ingen rår for sin dødsdag.
I krig slepp ingen fri,
lovløyse bergar ikkje sin mann.
9 # 4,1 Alt dette såg eg
då eg merkte meg alt som skjer under sola,
når eit menneske har makt over eit anna
og gjer han skade.
10Vidare såg eg at urettferdige
vart lagde i grava,
medan dei som kom og gjekk frå den heilage staden,
dei som hadde gjort det rette,
vart gløymde i byen.
Dette òg er fåfengt.
11Om dommen over vond gjerning
ikkje straks blir sett i verk,
får menneska mot til å gjera det vonde.
12 # Sal 37,37; Fork 7,15+ # 8,12–13 Likevel … vita Her viser Forkynnaren ikkje til det han ser, men til det han er opplært i og overtydd om. For ein syndar kan gjera det vonde i mange år,
og endå lèt Gud han leva lenge.
Likevel skulle eg då vita
at det går godt for dei som ottast Gud,
fordi dei har ærefrykt for han,
13 # Sal 37,20; 55,24 medan det ikkje lukkast for den urettferdige;
livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge,
fordi han ikkje ottast Gud.
14 # 7,15+ Det er noko meiningslaust
som hender på jorda:
Med somme rettferdige går det
som dei urettferdige fortener,
og med somme urettferdige går det
som dei rettferdige fortener.
Eg seier: Dette òg er fåfengt.
15 # 2,24+ Eg har lovprisa gleda,
for det finst inga anna lukke
for mennesket her under sola
enn å eta og drikka og gleda seg.
Dette får følgja han i strevet
dei levedagane Gud gjev han under sola.
16 # 1,17; 7,25 Eg vigde hjartet mitt til å læra visdomen å kjenna
og såg på det slitet og strevet
som menneska har på jorda.
Korkje dag eller natt
hadde eg blund på auga,
17 # 3,11 og eg såg at mennesket
ikkje kan skjøna det Gud lèt henda,
alt det som skjer under sola.
Kor mykje han så strevar og granskar,
finn han ikkje ut av det.
Sjølv om den vise seier han skjønar,
fattar han det endå ikkje.

Currently Selected:

Forkynnaren 8: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy