YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 27

27
Altaret på Ebal-fjellet
1Moses og dei eldste i Israel påla folket dette: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag. 2#Jos 4,20 Den dagen de går over Jordan og til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei. 3Når du kjem over, skal du skriva alle orda i denne lova på dei. Då skal du få koma inn i det landet Herren din Gud vil gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, slik som Herren, dine fedrars Gud, lova deg. 4#Jos 8,30–32 Når de kjem over Jordan, skal de på Ebal-fjellet reisa desse steinane slik eg byd dykk i dag, og du skal stryka kalk på dei. 5#27,5 eit altar av stein Jf. 2 Mos 20,25. Der skal du byggja eit altar for Herren din Gud, eit altar av stein. Bruk ikkje meisel på dei! 6Altaret for Herren din Gud skal du byggja av steinar som ikkje er hogne til. På det skal du bera fram brennoffer for Herren din Gud. 7Så skal du ofra fredsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds andlet. 8Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle orda i denne lova.
Forbanningar
9Moses og levittprestane tala til heile Israel: «Ver stille! Høyr, Israel! Denne dagen har du vorte Herren din Guds folk. 10Ver lydig mot Herren din Gud og hald boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag.»
11Same dagen gav Moses folket dette påbodet: 12#11,29; Jos 8,33–35 Når de har gått over Jordan, skal desse stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin. 13Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.
14Levittane skal ta ordet og seia med høg røyst til kvar einaste israelitt:
15 # 2 Mos 20,4 Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.
16 # 2 Mos 21,17 Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.
17 # 19,14; Ordt 23,10 Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.
18 # 3 Mos 19,14 Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.
19 # 2 Mos 22,21 Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.
20 # 22,30 Forbanna er den som ligg med kona til far sin, for han har teke kappefliken til far sin bort frå henne. Og heile folket skal seia: Amen.
21 # 3 Mos 18,23 Forbanna er den som ligg med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.
22 # 3 Mos 18,9 Forbanna er den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.
23Forbanna er den som ligg med svigermor si! Og heile folket skal seia: Amen.
24 # 19,11–13 Forbanna er den som i løynd slår ned grannen sin! Og heile folket skal seia: Amen.
25 # 2 Mos 23,7f; Sal 26,10 Forbanna er den som lèt seg kjøpa til å slå i hel ein skuldlaus! Og heile folket skal seia: Amen.
26 # Jer 11,3; Gal 3,10 Forbanna er den som ikkje held orda i denne lova og ikkje lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen.

Currently Selected:

5. Mosebok 27: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy