YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 24

24
Ekteskap og skilsmisse
1 # Jes 50,1; Matt 5,31; 19,7–9 Det kan henda at ein mann har teke ei kvinne til ekte, men ikkje lenger ser på henne med velvilje, fordi han har funne noko usømeleg hos henne. Han skriv eit skilsmissebrev, gjev henne det og sender henne bort frå huset sitt. 2Ho flytter frå han og går av stad og blir kona til ein annan mann. 3Om den andre mannen òg får uvilje mot henne, skriv skilsmissebrev, gjev henne det og sender henne bort frå huset sitt, eller om han døyr, 4#Jer 3,1.8 då kan ikkje den første mannen som skilde seg frå henne, igjen ta henne til kone, etter at ho er gjord urein. For det er avskyeleg for Herren. Du må ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg til eige.
5 # 20,7 Om ein mann er nygift, skal han ikkje dra ut i krig og ikkje bli pålagd andre plikter. I eitt år skal han vera fri til å vera heime og gleda kvinna som han har gift seg med.
Omtanke og rettferd
6Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv.
7 # 2 Mos 21,16; 1 Tim 1,10 Om nokon oppdagar at ein mann har bortført ein av landsmennene sine, ein israelitt, og fer åt med han som ein slave eller sel han, då skal tjuven døy. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
8 # 3 Mos 13–14 Dersom det bryt ut hudsjukdom, så pass på at de nøye følgjer rettleiinga frå levittprestane. Det som eg har sagt dei, skal de følgja trufast. 9#4 Mos 12,1–15 Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam undervegs då de drog ut frå Egypt.
10Når du gjev nesten din eit lån av noko slag, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hos han. 11Bli ståande utanfor, og la mannen du gjev lånet, sjølv koma ut til deg med pantet. 12Men dersom han er ein fattig mann, skal du ikkje leggja deg i kappa han har pantsett. 13#2 Mos 22,25–27; 5 Mos 6,25 Nei, du skal la han få att pantet når sola går ned, så han kan liggja i kappa si. Då vil han velsigna deg, og det vil vera ei rettferdig gjerning for Herren din Gud.
14 # 3 Mos 19,13; Mal 3,5; Jak 5,4 Du skal ikkje gjera urett mot ein fattig dagarbeidar som lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt. 15Du skal gje han løn same dagen, før sola går ned, for han er fattig og lengtar etter løna. Elles kunne han ropa til Herren og klaga på deg, og du blir skuldig i synd.
16 # 2 Kong 14,6; Jer 31,29f; Esek 18 Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
17 # 2 Mos 22,21f; 23,9; 5 Mos 16,19; 27,19; Jes 1,17; Jer 5,28; Esek 22,29; Am 2,6–8 Du skal ikkje vrengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda til ei enkje i pant. 18#5,15; 6,12; 7,8; 15,15; 16,12 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette.
19 # 3 Mos 19,9f; 23,22 Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå tilbake og henta det. Innflyttaren, den farlause og enkja skal ha det. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt arbeidet ditt.
20Når du slår ned oliven, skal du ikkje plukka greinene reine etterpå. La innflyttaren, den farlause og enkja få det som er att. 21Når du haustar vinmarka di, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. La innflyttaren, den farlause og enkja få dei. 22Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette.

Currently Selected:

5. Mosebok 24: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy