YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 12

12
Ein bustad for Herrens namn
1Dette er dei forskriftene og lovene som de trufast skal følgja i det landet Herren, dine fedrars Gud, vil la deg ta i eige, så lenge de lever i landet.
2De skal øydeleggja alle dei stadene der folkeslaga som de driv bort, dyrkar gudane sine, på høge fjell og haugar og under kvart frodig tre. 3#2 Mos 23,24; 34,13; 4 Mos 33,52; 5 Mos 7,5 De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og utsletta namna deira frå desse stadene.
4De skal ikkje dyrka Herren dykkar Gud på den måten. 5#12,11ff; 14,23–25; 16,2–15; 26,2; 31,11#12,5 den staden … bustad for namnet sitt 5 Mos legg stor vekt på at all ofring og gudsdyrking skal gå føre seg på denne staden som Herren skal velja, særleg i kap. 12, 14 og 16. Sidan Jerusalem ikkje er ein israelittisk by før på Davids tid, kan staden ikkje nemnast med namn. Jf. 16,5ff. Men de skal søkja til den staden som Herren dykkar Gud vel ut blant alle stammane dykkar til bustad for namnet sitt. Dit skal du gå. 6Og dit skal de bera fram brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og dei gåvene de ber fram, lovnadsoffera og dei frivillige offera, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet. 7Og der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds andlet, de og huset dykkar, og gleda dykk over det som hendene dykkar har gjort, alt som Herren din Gud har velsigna deg med.
8De må ikkje bera dykk åt slik som vi gjer her i dag. No gjer kvar og ein som han sjølv finn det for godt. 9Enno er de ikkje komne fram til kvila, til den eigedomen som Herren din Gud vil gje deg. 10#Jos 21,44; 1 Kong 5,3–5; 8,56 De skal no gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk til eige. Han vil la dykk finna kvile og få fred for alle fiendar omkring, slik at de kan bu trygt. 11Då skal de koma med alt det eg byd dykk, til den staden som Herren dykkar Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu: brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og gåvene de ber fram, og alle offera som de sjølve har lova Herren. 12#4 Mos 18,20.24; 5 Mos 10,8f; 14,27; Jos 13,14 De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds andlet, de og sønene og døtrene dykkar, slavane og slavekvinnene dykkar og levitten som bur i byane dykkar; han har då ingen arv og del saman med dykk.
13 # 12,13 stad dvs. heilagstad. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar stad du ser. 14Berre på den staden Herren vel seg ut i ein av stammane dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.
15 # 12,22; 15,22 # 12,15 gasell og hjort Desse dyra hadde ein lov til å eta, men dei kunne ikkje nyttast til offerdyr. Jf. 14,5; 3 Mos 1,1ff. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort. 16#3 Mos 3,17; 7,26; 5 Mos 12,23.27; 15,23 Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!
17Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av korn, ny vin og fin olje, heller ikkje det som er førstefødd av storfeet og småfeet ditt, dei offera du sjølv har lova å gje, dei frivillige offera eller dei gåvene du ber fram. 18#14,23 Men du skal eta dette for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut, du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di og levitten som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds andlet over alt det hendene dine har gjort. 19#14,27 Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever i landet ditt.
20Når Herren din Gud utvidar grensene dine slik han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt» fordi du har hug på kjøt, då kan du eta kjøt så mykje du vil. 21Har du for lang veg til den staden Herren din Gud vil velja ut for namnet sitt, skal du gjera som eg har sagt deg. Du skal slakta av storfeet og småfeet som Herren gjev deg, og eta det heime i byane dine, så mykje du har hug på. 22Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det. 23#3 Mos 17,10–12 Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet. 24Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn! 25Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens auge.
26Berre lovnadsoffera og dei heilage gåvene som du vil gje, skal du ta med deg til den staden Herren vil velja seg ut. 27Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret for Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta. 28Legg vinn på å lyda alt det eg byd deg! Då skal det gå deg og etterkomarane dine vel til alle tider, for då gjer du det som er godt og rett i Herren din Guds auge.
29 Herren din Gud vil utrydda for deg dei folkeslaga som du no skal gå imot og driva bort. Når du så har drive dei bort og busett deg i landet deira, 30#18,9–12; Jos 23,7; Dom 2,3 ta deg då i vare så du ikkje lèt deg lokka i ei felle og tek etter dei, etter at dei har vorte utrydda for deg. Du skal ikkje venda deg mot gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folkeslaga gudane sine? Eg vil gjera som dei.» 31#3 Mos 18,21 Du skal ikkje dyrka Herren din Gud slik! Alle dei gjerningane som Herren skyr og hatar, gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei i elden for gudane sine. 32Alt det eg byd dykk, skal de trufast følgja. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.

Currently Selected:

5. Mosebok 12: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy