YouVersion Logo
Search Icon

Daniel 8

8
Vêren og bukken
1 # 7,1 # 8,1 Belsasar >5,1. I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, endå eit syn, etter det eg tidlegare hadde sett. 2#8,2 Susa Elva Ulai renn gjennom byen Susa i Elam, hovudstad i Persarriket. Jf. Neh 1,1. I dette synet såg eg at eg var i Susa-borga i provinsen Elam, og eg såg at det var attmed Ulai-elva.
3Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein vêr stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge horna var lange, men det eine var lengre enn det andre, og det lengste voks fram sist. 4Eg såg vêren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga nokon frå han. Vêren gjorde som han ville, og fekk stor makt.
5 # 8,5 eit veldig horn kanskje Aleksander den store, konge i Makedonia frå 336 f.Kr. >11,3. Medan eg tenkte på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit veldig horn i skallen. 6Han kom bort til vêren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft. 7Eg såg korleis han kom heilt bort til vêren og stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Vêren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka han ned. Ingen kunne berga vêren frå bukken.
8Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane. 9#8,9 det herlege landet Israels land. Jf. 11,16.41; Jer 3,19. Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet. 10#8,10 himmelhæren =himmelske vesen. Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned. 11#9,27; 11,31; 12,11#8,11 fyrsten for hæren Gud sjølv. Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
13Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?» 14Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»
15Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og prøvde å skjøna det, stod det framfor meg ein som såg ut som ein mann. 16#9,21#8,16 Gabriel =himmelske vesen. Og eg høyrde ei menneskerøyst som ropa over Ulai: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!» 17Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.» 18#10,10f Medan han tala til meg, fall eg i uvit med andletet mot jorda. Men han rørte ved meg, reiste meg på føtene 19#Op 15,1 og sa:
«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden, for det handlar om tida for enden. 20Vêren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia, 21#8,21 Javan Jonia, som omfatta dei greske bystatane på vestkysten av Vesleasia. Namnet blir òg nytta om Hellas og om heile det greske riket. Jf. Jes 66,19; Sak 9,13. og bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den første kongen. 22Det eine hornet som vart brote av, og dei fire andre som voks opp i staden, tyder at fire kongerike skal stå fram frå folket hans, men utan same kraft som han. 23Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset 24Han skal få stor makt, men ikkje så stor som den første. Han skal gjera uhyggjeleg skade og lukkast i alt han gjer. Han skal utsletta dei mektige og folket av dei heilage. 25Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand. 26#12,4 Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»
27 # 7,28 Eg, Daniel, låg sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hos kongen. Eg var slegen av undring over synet og skjøna det ikkje.

Currently Selected:

Daniel 8: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy