YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 2

2
1 # 4,13.15f # 2,1 Eg vil de skal vita formelaktig uttrykk som blir brukt for å understreka noko. Jf. 1 Kor 11,3. Laodikea naboby vest for Kolossai. Jf. 4,13 og Op 3,14. Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea, og for alle dei andre som ikkje har møtt meg andlet til andlet. 2#1,26; 4,3 Eg ønskjer at dei må få nytt mot i hjartet, bli knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og innsikt, så dei kan fatta Guds mysterium, som er Kristus. 3#Ef 5,6 For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde. 4#Ef 5,6 Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar. 5#1 Kor 5,3; 14,40 For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.
Kristi fylde og dåpen
6Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han, 7#Ef 2,20.22 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma! 8#Matt 15,9; Rom 16,18#2,8 grunnkreftene i verda makter som vart dyrka i heidenske religionar. >Gal 4,3. Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus. 9#Joh 1,14.16; Kol 1,19 For i hans kropp bur heile guddomsfylden, 10#Ef 1,21f og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden. 11#5 Mos 10,16; 30,6; Rom 2,29; Gal 5,3ff; 6,15; Fil 3,3#2,11 kjøtet =kjøt, kjøt og blod. I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over. 12#Rom 6,4; Kol 3,1 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. 13#Ef 2,1.5#2,13 dykk … oss Det er mange variantar i handskriftene når det gjeld desse to pronomena. De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. 14#Ef 2,14f#2,14 Skuldbrevet privat gjeldsbrev der debitor stadfester gjelda og bind seg til å betala henne tilbake til kreditor. Biletet er kjent frå jødiske tekstar, der det er brukt om den skuld menneske har overfor Gud. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 15#Luk 11,22 Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Mot falske menneskebod
16 # Rom 14,1ff; Gal 4,10 # 2,16 høgtider … sabbatsdagar siktar truleg til den jødiske sabbatspraksisen og festkalenderen. =festar og høgtider. Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17#Hebr 8,5; 10,1 Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. 18#2,18 går heilt opp i sine eigne syn Uttrykket siktar truleg til innviingar i hemmelege ritar. Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod, 19#Ef 2,21; 4,15f; Kol 1,18 og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.
20 # Gal 4,3.9 Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som 21#1 Tim 4,3 «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22#Jes 29,13; Matt 15,8ff Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne. 23#2,23 kjøtet >v. 11. Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.

Currently Selected:

Kolossarane 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy