YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 7

7
1Øvstepresten spurde: «Er det sant, dette?» 2#1 Mos 11,31 Stefanus svara:
«Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han var i Mesopotamia, før han slo seg ned i Harran, 3#1 Mos 12,1 og sa til han: ‘Dra bort frå landet ditt og frå slekta di til det landet som eg skal syna deg!4Då drog han frå Kaldearlandet og busette seg i Harran, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet der de no bur. 5#1 Mos 12,7; 15,2 Gud gav han ikkje noka jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova å gje han og ætta hans landet i eige, endå han ikkje hadde born. 6#1 Mos 15,13f Og Gud sa til han at ætta hans skulle bu som innflyttarar i eit framandt land, der dei skulle vera slavar og bli plaga i fire hundre år. 7#2 Mos 3,12Men det folket dei skal vera slavar for, vil eg dømma’, sa Gud, ‘og så skal dei dra ut og tena meg på denne staden.’ 8#1 Mos 17,10ff#7,8 omskjeringspakta Omskjeringa var ei religiøs handling og eit teikn på at ein høyrde til den pakta Gud gjorde med Abraham og ætta hans. Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Det same gjorde Isak med Jakob, og Jakob med dei tolv stamfedrane.
9 # 1 Mos 37,11.28 Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han 10#1 Mos 41,37ff og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. 11#1 Mos 41,54 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. 12#1 Mos 42,1ff Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit første gongen. 13#1 Mos 45,4 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. 14Då sende Josef bod og kalla til seg Jakob, far sin, og heile ætta – syttifem personar. 15#1 Mos 46,1ff; 49,33 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der enda han sine dagar, både han og fedrane våre. 16#Jos 24,32 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt for sølv av sønene til Hamor i Sikem.
17Etter kvart som det leid fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, voks folket og vart talrikt i Egypt. 18#2 Mos 1,8Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. 19#2 Mos 1,22 Han fór fram med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. 20#2 Mos 2,2 På den tida vart Moses fødd. Han var eit vakkert barn i Guds auge. I tre månader vart han fostra i huset til far sin. 21#2 Mos 2,3ff Så vart han sett ut. Men dotter til farao tok han opp og fostra han som sin eigen son. 22Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.
23 # 2 Mos 2,11f Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med landsmennene sine, Israelsfolket. 24Og då han såg ein som leid urett, kom han mannen til hjelp. Han slo egyptaren i hel, så den mishandla fekk retten sin. 25Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje. 26#2 Mos 2,13f Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’ 27Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? 28Tenkjer du å drepa meg, slik du drap egyptaren i går?29#2 Mos 2,15 Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. 30#2 Mos 3,2f Då førti år var gått, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk. 31#2 Mos 3,4ff Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare for å sjå etter, lydde Herrens røyst: 32Eg er dine fedrars Gud, Abraham og Isak og Jakobs Gud.’ Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. 33Då sa Herren til han: ‘Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn. 34Eg har sett korleis folket mitt blir plaga i Egypt og har høyrt korleis dei klagar. Eg har stige ned for å fria dei ut. Gå no! Eg sender deg til Egypt.
35 # 2 Mos 2,14; 3,2 Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar?’ – og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken. 36#2 Mos 7,3.10; 14,21 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. 37#5 Mos 18,15; Apg 3,22 Han var det som sa til israelittane: ‘Gud skal la det stå fram ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.38#2 Mos 19,19; 20,1; Gal 3,19 Då folket var samla i øydemarka, var det òg han som var saman både med fedrane våre og med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet. Moses tok imot levande ord som han skulle gje oss. 39#4 Mos 14,3 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg, og i sitt hjarte vende dei attende til Egypt, 40#2 Mos 32,1 og dei sa til Aron: ‘Lag gudar til oss som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses som førte oss ut frå Egypt.41#2 Mos 32,4ff På den tida laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk av sine eigne hender. 42#Am 5,25ff#7,42 himmelhæren =himmelske vesen. Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:
Bar de fram for meg slaktoffer og gåver
dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
43 # 7,43 Molok kanaaneisk guddom. =framande gudar. Refan kan vera feillesing av namnet til ein assyrisk-babylonsk gud. Nokre handskrifter har «Romfa», eit babylonsk gudenamn. Nei, de bar med dykk teltet til Molok
og stjerna til Refan, guden dykkar,
bileta som de laga og tilbad.
Men eg vil flytta dykk bortanfor Babylon.
44 # 2 Mos 25,9.40; 27,21; Hebr 8,5 # 7,44 vitnemålsteltet =Septuaginta nyttar denne nemninga på teltheilagdomen. Jf. 2 Mos 33,7ff. «Vitnemålet» er eit namn på Guds lov. =Guds bustad. I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet, det som Moses skulle laga etter det førebiletet han fekk sjå, slik han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om. 45#Jos 3 Fedrane våre fekk det i arv, og under Josva tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Slik var det heilt til Davids dagar. 46#2 Sam 7; Sal 132,5#7,46 Jakobs hus Mange handskrifter har «Jakobs Gud». Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus. 47#1 Kong 6 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. 48Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 # Jes 66,1f Himmelen er mi trone,
og jorda er min fotskammel.
Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren,
eller kvar er staden der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51 # 2 Mos 32,9; Jes 63,10; Jer 6,10; 9,26 Stivnakka er de, og uomskorne på hjarte og øyre! Alltid står de Den heilage ande imot, de som fedrane dykkar. 52#2 Krøn 36,16; Matt 5,12; 23,30ff; Apg 5,41; Jak 5,10#7,52 Den rettferdige Messias, Kristus. Jf. 3,14 og 22,14. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel, 53#Gal 3,19; Hebr 2,2#7,53 av englar Jf. v. 38. de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.»
Stefanus blir steina
54 # 5,33 Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han. 55#2,33+ Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56#Sal 80,18#7,56 Menneskesonen den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. =Jesu titlar. Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» 57Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyra, og alle som ein storma dei mot han. 58#3 Mos 24,14; 5 Mos 17,2–7; Apg 22,20 Dei dreiv han ut av byen og steina han. Og vitna la kappene sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. 59#Sal 31,6; Luk 23,46 Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.» 60#Matt 5,44+ Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, sovna han inn.

Currently Selected:

Apostelgjerningane 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy