YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 27

27
Reisa til Roma
1Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga. 2#19,29+ Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika. 3Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg. 4#27,4 i le av her: nord for øya. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot. 5Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. 6Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.
7I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset. 8Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.
9 # 27,9 fastedagen eit anna namn på soningsdagen, ca. 1. oktober. Jf. 3 Mos 16,29–31. =festar og høgtider. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei 10#2 Kor 11,26 og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.» 11Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa. 12Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinteropplag, heldt dei fleste på at dei skulle segla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.
Stormen
13Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen. Dei letta anker og segla nær land langs Kreta. 14Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya. 15Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva. 16Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten. 17#27,17 Syrtebankane låg lengst sør i Middelhavet, utanfor kysten av Libya. Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei i bruk naudutstyret og surra skipet med tau. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebankane. Difor senka dei råa, og slik fór dei vidare. 18Men stormen rasa framleis, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen. 19Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord. 20På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.
21No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «Gode menn, de skulle ha høyrt på meg og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet. 22Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet. 23For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener, 24#23,11 og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’ 25Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg. 26#28,1 Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»
27 # 27,27 Adriahavet Namnet vart den gong brukt om heile den delen av Middelhavet som ligg mellom Hellas, Italia og Afrika. Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta. 28#27,28 tjue … femten famnar ca. 37 m og 28 m. =mål og vekt. Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar. 29Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma. 30Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen. 31Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.» 32Då kappa soldatane taua som heldt skipsbåten, og lét han driva av.
33Medan dei venta på at det skulle gry av dag, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet. 34Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.» 35Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta. 36No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat. 37Vi var i alt 276 menneske om bord. 38Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.
Skipet strandar
39Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn. 40Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samtidig løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot stranda med vinden. 41Dei dreiv inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg ned i sanden og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av brenningane. 42No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og rømma. 43Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti først og koma seg i land. 44#27,22 Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.

Currently Selected:

Apostelgjerningane 27: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy