YouVersion Logo
Search Icon

2. Samuelsbok 23

23
Davids siste ord
1 # 23,1 som Gud har reist opp Omsetjinga følgjer eit handskrift frå =Qumran. =Septuaginta har «som Herren har reist opp». Dette er Davids siste ord.
Så seier David, son til Isai,
så seier mannen som Gud har reist opp,
han som er salva av Jakobs Gud,
og som har dikta Israels songar:
2 # Jes 59,21; Matt 22,43 Herrens Ande talar gjennom meg,
hans ord er på mi tunge.
3 # Sal 28,1; 72,1ff; Jes 11,2ff; Jer 23,5f; 33,15f Israels Gud har tala,
til meg har Israels berg sagt:
«Den som styrer menneske med rettferd,
den som rår med gudsfrykt,
4er lik morgonlyset når sola går opp
ein morgon med skyfri himmel;
gjennom solskin og regn
lèt det graset gro fram or jorda.»
5 # 7,12ff; Jes 55,3; 61,11; Jer 33,20ff Slik har mitt hus det med Gud.
For han har gjort ei evig pakt med meg,
vel ordna og trufast halden.
Ja, alt som tener til mi frelse,
alt eg ønskjer, lèt han gro fram.
6 # Jes 33,12 Men dei vonde er alle
lik tornekvister ein kastar bort,
ingen tek dei i hendene.
7Ingen kjem nær dei
utan med jern og spydskaft.
Der dei står, blir dei brende opp med eld.
Davids krigarar
8 # 1 Krøn 11,10–41 # 23,8 dei tre leiarane mellom dei tretti hovdingane til David. Jf. v. 13.19. Dette er namna på krigsheltane til David:
Josjeb-Basjebet av Hakmon-slekta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong. 9Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane som var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Israelittane drog seg tilbake, 10men han heldt ut og hogg ned filistrar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger. Og då hæren snudde og følgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.
11 # 23,11 Lehi >Dom 15,9. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistrane samla seg ved Lehi. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistrane, 12stilte Sjamma seg midt i åkeren og verna han. Han hogg laus på filistrane, og Herren lét han vinna ein stor siger.
13 # 23,13 Adullam >1 Sam 22,1. Refa'im-dalen >5,18. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen. 14#23,14 fjellborga >1 Sam 22,4. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem. 15Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem?» 16Dei tre heltane braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brønnen ved byporten i Betlehem og kom til David med det. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren 17og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet av dei mennene som våga livet sitt?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.
18 # 23,18 dei tretti Davids hovdingar. Jf. v. 13. Abisjai, bror til Joab og son til Seruja, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti. 19Han var høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.
20 # 8,18; 20,23; 1 Kong 2,29f Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve. 21Han felte òg ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa, men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa hans og drap han med hans eige spyd. 22#1 Krøn 27,6 Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigsheltane. 23Han var høgt akta mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
24Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem; 25Sjamma frå Harod; Elika frå Harod; 26Heles frå Pelet; Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; 27Abieser frå Anatot; Mebunnai frå Husja; 28Salmon frå Ahoah; Mahrai frå Netofa; 29Heleb, son til Baana, frå Netofa; Ittai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; 30Benaja frå Piraton; Hiddai frå Gaasj-dalane; 31Abi-Albon frå Bet-Araba; Asmavet frå Bahurim; 32Eljahba frå Sjaalbon; Jasjen-sønene; Jonatan; 33Sjamma frå Harar; Ahiam, son til Sjarar, frå Harar; 34Elifelet, son til Ahasbai, frå Maaka; Eliam, son til Ahitofel, frå Gilo; 35Hesro frå Karmel; Paarai frå Arab; 36Jigal, son til Natan, frå Soba; Bani frå Gad; 37Selek frå Ammon; Nahrai frå Beerot, våpenberaren til Joab, son til Seruja; 38Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir; 39#23,39 trettisju mann Det var «dei tretti» (v. 24–39), dei tre (v. 8–12) og dessutan Abisjai, Benaja, Asael (v. 18–24) og Joab. hetitten Uria. Det var i alt trettisju mann.

Currently Selected:

2. Samuelsbok 23: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy