YouVersion Logo
Search Icon

2. Samuelsbok 12

12
Du er mannen
1 Herren sende Natan til David. Han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. 2Den rike hadde småfe og storfe i mengd. 3Den fattige eigde ikkje anna enn eit einaste lite holam som han hadde kjøpt. Han alte det opp, og det voks til saman med borna hans, åt av brødet hans, drakk av begeret hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. 4Ein dag kom det ein ferdamann til den rike. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. Han tok lammet som den fattige eigde, og laga det til for mannen som var komen.»
5Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy! 6#2 Mos 22,1 Og han skal betala firdobbelt for lammet fordi han gjorde dette og var så hjartelaus.» 7#1 Sam 16,13 Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand. 8Eg gav deg huset til herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels hus og Judas hus. Og om det var for lite, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. 9#4 Mos 15,31 Kvifor har så du forakta Herrens ord og gjort det som vondt er i hans auge? Hetitten Uria har du drepe med sverd. Du lét ammonittane drepa han, og kona hans tok du og gifte deg med. 10Frå no skal sverdet aldri vika frå ditt hus, sidan du har forakta meg og teke kona åt hetitten Uria. 11#16,22 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå ditt eige hus. Eg vil ta konene dine beint for auga dine og gje dei til ein annan mann. Han skal liggja med dei midt på lyse dagen. 12Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for auga på heile Israel midt på lyse dagen.» 13#24,10; Sal 51,2ff Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy. 14#11,27 Men fordi du gjorde dette og forakta Herrens ord, skal han døy, sonen du har fått.» 15Så gjekk Natan heim.
Sonen til Batseba døyr
Herren lét alvorleg sjukdom ramma guten som David hadde fått med kona til Uria. 16David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim for å sova, la han seg på jorda. 17#3,35 Dei eldste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå jorda, men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.
18Sjuande dagen døydde guten. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død. For dei sa: «Når vi tala til han medan guten enno levde, høyrde han ikkje på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.» 19Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Han spurde dei: «Er guten død?» Dei svara: «Ja.» 20Då reiste David seg frå bakken. Han vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus for å tilbe. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt. 21Tenarane sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten enno levde, fasta du og gret. Og no, når han er død, står du opp og et!» 22Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret, for eg tenkte: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva? 23#Job 7,9 Men no som han er død, kvifor skulle eg fasta? Kan eg henta han tilbake? Ein gong må eg fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
Salomo blir fødd
24 # 1 Krøn 3,5 # 12,24 Salomo Namnet heng saman med det hebr. ordet for «fred». Jf. 1 Krøn 22,9. David trøysta Batseba, kona si. Han gjekk inn til henne og låg med henne. Ho fødde ein son som ho kalla Salomo. Herren hadde han kjær. 25#12,25 Jedidja Namnet tyder «Herrens kjære ven». Han sende bod med profeten Natan om at guten skulle kallast Jedidja – for Herrens skuld.
Krig mot ammonittane
26 # 1 Krøn 20,1–3 # 12,26 Kongsbyen bydel i Rabba. >10,3. Joab gjekk til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen. 27#12,27 Vassbyen bydel i Rabba. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen òg. 28Kall saman resten av hæren, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og mitt namn blir ropa ut over han.» 29Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk til åtak på byen og tok han. 30#12,30 ein talent ca. 34,2 kg. Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og edle steinar og vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang. 31Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar eller ved teglomnane. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

Currently Selected:

2. Samuelsbok 12: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy