YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 21

21
Juda-kongane Manasse og Amon
1 # 2 Krøn 33,1ff Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba. 2#16,3 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. 3#1 Kong 16,32f; 2 Kong 17,16 Han bygde opp att offerhaugane som far hans, Hiskia, hadde øydelagt. Han reiste altaret for Baal og laga ein Asjera-påle, slik Ahab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren. 4#5 Mos 12,5 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.» 5#23,12 I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren. 6#3 Mos 18,21; 2 Kong 23,24#21,6 lét … gå gjennom elden >16,3. Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.
7 # 1 Kong 8,29; 9,3 Asjera-skulpturen som Manasse fekk laga, sette han i tempelet, sjølv om Herren hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid. 8Og eg vil aldri meir la Israel vandra heimlaus, langt bort frå landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter den lova som Moses, tenaren min, gav dei.» 9Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vill, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.
10Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa: 11#Jer 15,4 Fordi Juda-kongen Manasse har gjort desse stygge gjerningane, har han i eitt og alt handla verre enn amorittane før han. Med si avgudsdyrking har han òg leidd judearane til synd. 12#1 Sam 3,11; Jer 19,3 Difor seier Herren, Israels Gud: No fører eg ulukke over Jerusalem og Juda så det skal ringja for øyra på kvar den som høyrer om det. 13#10,11.17; 17,6.23; Jes 34,11 Eg vil spenna ut same målesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Ahabs hus. Eg vil tørka Jerusalem bort som når ein tørkar av eit fat og snur det opp ned. 14Eg forkastar den siste rest av folket mitt. Eg gjev dei over i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei. 15Slik skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine auge. Dei har gjort meg rasande frå den dagen fedrane deira gjekk ut av Egypt, og til denne dag.
16 # 24,4 Manasse lét så mange uskuldige døy at han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens auge.
17 # 2 Krøn 33,18ff Det som elles er å seia om Manasse og alt han utretta og den synda han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 18Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg like ved slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
19 # 2 Krøn 33,21ff Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba. 20Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. 21Han følgde i eitt og alt den same vegen som far sin. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei. 22Han forlét Herren, sine fedrars Gud, og vandra ikkje på Herrens veg.
23Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus. 24Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han. 25Det som elles er å seia om Amon og det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 26Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

Currently Selected:

2. Kongebok 21: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy