YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 9

9
Vilje til å gje
1 # 9,1 tenesta for dei heilage pengeinnsamlinga til forsamlinga i Jerusalem. Jf. 8,4; 9,13. No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage, 2for eg veit kor villige de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har vore klare sidan i fjor. Og iveren dykkar har inspirert mange. 3#9,3 brørne Titus (jf. 8,6.16–18.23) og dei to forsamlingsutsendingane som er omtala i 8,18–24. No sender eg desse brørne til dykk, så det skal visa seg at det ikkje var tomme ord vi fór med når vi rosa dykk for dette, men at de er klare, som eg har sagt. 4#Apg 20,4 Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna at de ikkje er førebudde. For då ville heile tiltaket berre føra skam over oss – for ikkje å snakka om dykk! 5Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.
6 # Ordt 11,24f; 22,8 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning. 7#Rom 12,8 Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
8Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,
så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,
ja, ha overflod til all god gjerning.
9 # Sal 112,9 For det står skrive:
Han strødde ut og gav til dei fattige,
hans rettferd skal alltid vara.
10 # Jes 55,10; Hos 10,12 Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor. 11De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva. 12For denne tenesta – ja, gudstenesta – er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg skapa overflod av takkebøner til Gud. 13Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og ville vedkjenna dykk trua på Kristi evangelium, og fordi de var villige til å dela med dei og alle dei andre. 14Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk på grunn av Guds overveldande nåde mot dykk. 15Gud vere takk for si useielege gåve!

Currently Selected:

2. Korintar 9: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy