YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 13

13
Rettleiing til forsamlinga
1 # 5 Mos 19,15; 2 Kor 12,14 Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitnes munn skal kvar sak vera avgjord. 2Då eg var hos dykk andre gongen, åtvara eg dei som hadde synda. No når eg er borte frå dykk, åtvarar eg dei på nytt, og alle dei andre: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon. 3For de krev prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje veik mot dykk; han er mektig hos dykk. 4#Rom 6,8ff; Fil 2,7f For om han vart krossfest i veikskap, så lever han i Guds kraft. Vi òg er veike i han, men for dykkar skuld skal vi leva med han i Guds kraft.
5 # 1 Kor 11,28; Gal 6,4 Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10#10,8.11 Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.
11 # Rom 15,5+.33; Fil 4,4 Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.
Helsingar
12 # Rom 16,16; 1 Kor 16,20; 1 Tess 5,26; 1 Pet 5,14 Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle dei heilage helsar dykk. 13Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle!

Currently Selected:

2. Korintar 13: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy