YouVersion Logo
Search Icon

2. Krønikebok 4

4
Utstyret til tempelet
1 # 2 Mos 27,1f # 4,1 20 alner, 10 alner ca. 10 m og 5 m. Salomo laga eit bronsealtar. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt. 2#1 Kong 7,23–50#4,2 havet >1 Kong 7,23. 10 alner, 5 alner, 30 alner ca. 5 m, 2,5 m og 15 m. Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor. 3Nedanfor kanten var det bilete av oksar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, støypte i eitt med havet. 4Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei. 5#4,5 3000 bat ca. 109 200 l. Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.
6Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet. 7#2 Mos 25,31 Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. 8Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull. 9Så bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse. 10Havet sette han på høgre sida, mot søraust.
11Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus: 12to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene; 13dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene. 14Han laga vognstativa og fata til kvart av dei, 15havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det, 16grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av polert bronse.
17Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den tjukke leirjorda mellom Sukkot og Sereda. 18Salomo laga alt dette utstyret i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
19Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på, 20lysestakane med lamper som skulle kveikjast etter forskriftene – dei stod framfor Det høgheilage og var av reint gull – 21blomeornamenta, lampene og tengene av gull, ja, av det finaste gull, 22lysesaksene, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Inngangsdørene til tempelet, både dei indre dørene til Det høgheilage og dørene inn til sjølve tempelet, var av gull.

Currently Selected:

2. Krønikebok 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy