YouVersion Logo
Search Icon

2. Krønikebok 20

20
Herren gjev Josjafat siger
1Ei tid etter hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del me'unittar gjekk til krig mot Josjafat. 2#20,2 sjøen Daudehavet. Det kom nokon og sa til Josjafat: «Det kjem ein stor styrke mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi. 3Då vart Josjafat redd, og han vende seg til Herren for å spørja han til råds. Så ropa han ut ei faste over heile Juda. 4Judearane samla seg og ville spørja Herren til råds. Frå alle Juda-byane kom dei for å be Herren om råd.
5Josjafat steig fram i forsamlinga av folk frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden, 6#1 Krøn 29,12; 2 Krøn 14,11 og sa:
Herre, våre fedrars Gud!
Det er du som er Gud i himmelen,
og som rår over alle kongerika til folkeslaga!
I di hand er makt og velde,
og ingen kan stå seg mot deg.
7 # Jes 41,8; Jak 2,23 Du, vår Gud,
dreiv ut dei som budde i dette landet
for Israel, folket ditt,
og du gav ætta til Abraham, venen din, landet for alltid.
8Der busette dei seg,
og der bygde dei ein heilagdom for namnet ditt og sa:
9 # 6,24ff «Om noko vondt kjem over oss,
sverd, straff, pest eller svolt,
då vil vi gå fram for dette huset,
for ditt andlet;
for i dette huset bur namnet ditt.
Vi vil ropa til deg i vår naud,
og du vil høyra og frelsa.»
10 # 5 Mos 2,4–19 Sjå no på ammonittane, moabittane
og folket frå fjellandet Se'ir!
Du lét ikkje israelittane trengja inn mellom dei
den gongen dei kom frå Egypt;
dei bøygde av og utrydda dei ikkje.
11Men sjå korleis dei løner oss!
No kjem dei og vil driva oss bort
frå din eigedom, den du gav oss til eige.
12 # Sal 123,1f Vår Gud, du skal dømma dei.
For vi er maktlause mot denne store styrken
som kjem mot oss.
Vi veit ikkje kva vi skal gjera;
men auga våre er vende mot deg.
13Alle judearane stod der for Herrens andlet med familiane sine, kvinnene og borna. 14Midt i forsamlinga kom Herrens ande over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je'iel, son til Mattanja, som var av Asaf-slekta. 15#5 Mos 20,1–4 Han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du, kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ver ikkje redde og mist ikkje motet av denne store styrken; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. 16Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen. 17#2 Mos 14,13+ Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stilla dykk opp og bli ståande, så skal de sjå korleis Herren frelser dykk, Juda og Jerusalem. Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»
18Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og heile Juda og alle som budde i Jerusalem, fall ned for Herren og tilbad han. 19Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.
20 # Jes 7,9 Tidleg neste morgon braut dei opp og drog ut til Tekoa-ørkenen. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de judearar og de som bur i Jerusalem! Ver tru mot Herren dykkar Gud, så skal de stå støtt! Ver tru mot profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!» 21#1 Krøn 16,34; Sal 136,1ff Då han hadde samrådd seg med folket, valde han ut songarar som skulle lovsyngja Herren i heilag prakt. Dei drog ut i spissen for krigarane medan dei song: «Pris Herren, evig varer hans miskunn!»
22 # Sal 18,4 Så snart dei sette i med jubelrop og lovsong, lét Herren ammonittane, moabittane og folket frå Se'ir-fjella, dei som rykte fram mot Juda, falla i bakhald. Slik vart dei slegne. 23Då vende ammonittane og moabittane seg mot folket frå Se'ir-fjella for å slå dei med bann og utrydda dei. Og då dei hadde gjort ende på folket frå Se'ir, gav dei seg til å utrydda kvarandre. 24Då judearane kom fram til utsiktspunktet over ørkenen og såg seg om etter hærstyrken, fekk dei auge på dei falne som låg døde på jorda. Ingen hadde sloppe unna. 25Josjafat og folket hans drog då dit og ville ta bytte, og dei fann ei mengd med dyr, gods, klede og kostbare ting. Dei tok meir enn dei kunne bera. Tre dagar varte plyndringa, så stort var byttet.
26 # 20,26 Beraka-dalen dalføre sør for Tekoa; går ned til Daudehavet nær En-Gedi. Beraka er det hebr. ordet for «velsigning». Fjerde dagen samla dei seg i Beraka-dalen, for der velsigna dei Herren. Difor kalla dei denne staden Beraka-dalen, og det heiter han den dag i dag. 27#1 Sam 18,6 Så vende dei attende, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat i spissen, og glade kom dei tilbake til Jerusalem, for Herren hadde gjeve dei grunn til å gleda seg over fiendane. 28Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus. 29#17,10+ Det kom redsle for Gud over alle land og rike då dei høyrde at Herren hadde kjempa mot Israels fiendar. 30#14,6; 15,15 No var det ro i Josjafats rike; for hans Gud lét han få fred på alle kantar.
31 # 1 Kong 22,41–49 Såleis rådde Josjafat i Juda. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi. 32Josjafat følgde den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge. 33Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hjartet til sine fedrars Gud. 34#19,2 Det som elles er å seia om Josjafat, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til Jehu, son til Hanani. Ho er teken med i boka om Israels-kongane.
35Sidan allierte Josjafat, Juda-kongen, seg med Ahasja, Israels-kongen, han som var skuld i så mykje urett. 36#20,36 Tarsis >9,21. Han gjekk saman med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis. Dei bygde skipa i Esjon-Geber. 37#16,7 Då profeterte Elieser, son til Dodava frå Maresja, mot Josjafat og sa: «Fordi du har alliert deg med Ahasja, skal Herren øydeleggja verket ditt.» Skipa forliste, så dei kunne ikkje segla til Tarsis.

Currently Selected:

2. Krønikebok 20: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy