YouVersion Logo
Search Icon

2. Krønikebok 10

10
Riket blir delt
1 # 1 Kong 12,1–20 # 10,1 Sikem >1 Mos 12,6. Rehabeam fór til Sikem, for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge. 2#1 Kong 11,40 Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var då i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, men no kom han att derifrå. 3No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa: 4«Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.» 5Men han svara dei: «Kom hit att til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.
6Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?» 7Dei svara: «Om du vil vera god mot dette folket og gjera dei til viljes og svara dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.» 8Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han. 9«Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.» 10Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min. 11Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»
12Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» 13Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han, 14og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.» 15#10,15 Ahia Jf. 1 Kong 11,26–39. Kongen høyrde ikkje på folket, for Herren hadde styrt det så for å oppfylla ordet han hadde tala til Jeroboam, son til Nebat, gjennom Ahia frå Sjilo.
16 # 2 Sam 20,1 Då kongen ikkje ville høyra på dei, gav heile Israel han dette svaret:
«Kva for del har vi i David?
Vi har ingen lut i Isai-sonen.
Heim til telta dine, Israel!
Syt no, David, for ditt eige hus!»
Så fór alle israelittane heim att. 17Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.
18 # 10,18 Hadoram 1 Kong 12,18 har Adoniram. Kong Rehabeam sende Hadoram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem. 19Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.

Currently Selected:

2. Krønikebok 10: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy