YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 28

28
1På den tid samla filistrane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må følgja meg i kamp?» 2David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til sjef for livvakta mi for alltid.»
Saul hos spåkvinna i En-Dor
3 # 2 Mos 22,18; 3 Mos 19,31 No var Samuel død. Heile Israel hadde halde sørgjehøgtid over han, og dei hadde gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Saul hadde drive ut av landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder.
4Filistrane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet. 5Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at hjartet hans skalv. 6#28,6 urim heilag gjenstand som vart brukt til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller ved urim eller gjennom profetar. 7#28,7 En-Dor by i området til Manasse. Jf. Jos 17,11. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram gjenferd, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan mana fram gjenferd.»
8Saul gjorde seg no ukjenneleg og tok på seg andre klede. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Kall fram ein av dei døde og spå meg! Hent opp den som eg nemner for deg.» 9Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?» 10Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.» 11Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.» 12Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er då Saul!» 13Men kongen sa til henne: «Ver ikkje redd! Kva er det du ser?» Kvinna svara: «Eg ser eit gudevesen stiga opp av jorda.» 14«Korleis ser det ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Ein gammal mann stig opp. Han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.
15Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistrane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg. Han svarar meg ikkje lenger, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.» 16Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg når Herren har vendt seg frå deg og vorte fienden din? 17#15,28Herren har gjort med deg slik som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut av handa di og gjeve det til ein annan, til David. 18Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedommen hans over amalekittane, difor har Herren no gjort dette mot deg. 19Herren vil gje både deg og Israel i filistarhand. I morgon skal du og sønene dine vera hos meg. Og Herren skal gje Israels-hæren òg i filistarhand.»
20Med det same Saul høyrde det Samuel sa, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var heilt kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta. 21Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestekvinna di har lydd deg. Eg våga livet og gjorde som du sa til meg. 22Så høyr no du òg på tenestekvinna di og lat meg få setja fram litt mat for deg. Et, så du kan koma til krefter før du dreg din veg.» 23Men han nekta og sa: «Eg vil ikkje ha mat.» Men då både mennene hans og kvinna nøydde han, gjorde han som dei sa. Han reiste seg opp frå jorda og sette seg på senga. 24Kvinna hadde ein gjøkalv heime, og den skunda ho seg å slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyra brød. 25Ho bar maten fram for Saul og mennene hans, og dei åt. Same natta braut dei opp og drog sin veg.

Currently Selected:

1. Samuelsbok 28: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy