YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 26

26
David sparer Saul endå ein gong
1 # 23,19; Sal 54,2 Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd ved Hakila-høgda, midt imot Jesjimon?» 2#24,3 Då braut Saul opp og drog ned til Sif-ørkenen med tre tusen utvalde israelittar for å leita etter David. 3Saul slo leir på Hakila-høgda, som ligg ved vegen midt imot Jesjimon. David heldt til i ørkenen, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit, 4sende han ut spionar og fekk påliteleg melding om at Saul var der. 5Då braut David opp og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner, son til Ner, hadde lagt seg til å sova. Saul låg midt i leiren med soldatane rundt seg. 6David tok til orde og spurde hetitten Ahimelek og Abisjai, son til Seruja og bror til Joab: «Kven vil gå ned med meg i leiren til Saul?» Abisjai svara: «Eg vil gå ned med deg.»
7Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, låg Saul og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda like ved hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt han. 8#24,5 Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden i di hand. Lat meg få spidda han til jorda i ein einaste støyt. Ein støyt med spydet er nok.» 9#24,7 Men David svara Abisjai: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den Herren har salva?» 10#31,4 Og han heldt fram: «Så sant Herren lever, Herren skal sjølv slå han, anten han døyr når timen hans kjem, eller han fell i krig. 11Herren fri meg frå å leggja hand på den Herren har salva! Men ta spydet som står ved hovudet hans, og vasskrukka, og lat oss gå vår veg.» 12#1 Mos 2,21 Så tok David spydet og vasskrukka ved hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein djup søvn koma over dei.
13Då David var komen over til den andre sida, stilte han seg opp på ein fjellknaus langt borte, slik at det var stor avstand mellom dei. 14Så ropa han til hæren og til Abner, son til Ner: «Skal du ikkje svara meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?» 15David sa til Abner: «Er ikkje du ein mann? Og kven er som du i Israel? Kvifor har du då ikkje halde vakt over din herre, kongen? Ein av folket kom og ville drepa kongen, herren din. 16Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever, de fortener å døy alle saman fordi de ikkje har halde vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå etter, kvar er kongens spyd og vasskrukke, som stod like ved hovudet hans?»
17 # 24,17 Saul kjende att røysta til David og ropa: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» David svara: «Jau, det er mi røyst, herre konge.» 18#20,1 Og han heldt fram: «Kvifor forfølgjer du tenaren din, herre? Kva har eg gjort? Kva vondt har eg gjort meg skuldig i? 19#26,19 dyrk andre gudar Tanken er at ein kunne dyrka Herren berre i «hans eige land». Jf. 2 Kong 5,17. Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har hissa deg opp mot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens andlet. For no jagar dei meg bort så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg og dyrk andre gudar! 20#24,15 Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens andlet. For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe som når ein jagar rapphøner i fjellet.»
21Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom tilbake, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. Eg har bore meg uvitug åt og gjort ein stor feil.» 22David svara: «Sjå, her er spydet til kongen! Lat ein av mennene koma over og henta det! 23Herren løner den som er rettferdig og trufast. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag, men eg ville ikkje leggja hand på den Herren har salva. 24Måtte Herren setja mitt liv like høgt som eg har sett ditt liv i dag, og fria meg frå all naud.» 25Då sa Saul til David: «Velsigna er du, David, son min. Mangt skal du gjera, og alt skal du lukkast i.» Så drog David sin veg, og Saul vende heim att.

Currently Selected:

1. Samuelsbok 26: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy