1. Samuelsbok 24
N11NN
24
David sparer livet til Saul
1 # 24,1 En-Gedi «Geitekjelda», stad på vestsida av Daudehavet. Så drog David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi. 2Då Saul kom att etter å ha forfølgt filistrane, fekk han vita at David var i ørkenen ved En-Gedi. 3#26,2 Saul tok då med seg tre tusen mann som han hadde valt ut frå heile Israel, og drog av stad for å leita etter David og mennene hans aust for Steinbukkhamrane. 4Han kom til nokre sauekveer ved vegen. Der var det ei hòle, og Saul gjekk inn i eige ærend. Men inst i hòla sat David og mennene hans. 5#26,8 Mennene sa til David: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din over i dine hender, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein flik av kappa til Saul utan at han merka det. 6#2 Sam 24,10 Men sidan kjende David at det stakk i hjartet fordi han hadde skore fliken av kappa til Saul, 7#26,9.23; 2 Sam 1,14 og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot min herre, mot Herrens salva, og leggja hand på han. For Herrens salva er han.» 8David snakka mennene sine til rette og gav dei ikkje lov til å gå laus på Saul.
Saul forlét hòla for å dra sin veg. 9Då reiste David seg, gjekk ut or hòla og ropa etter han: «Herre konge!» Saul såg seg tilbake, og David bøygde seg med andletet mot jorda. 10Han sa til Saul: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt? 11I dag har du med eigne auge sett at Herren gav deg i mine hender i hòla. Dei sa eg skulle drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min, for han er den som Herren har salva. 12#20,1 Sjå her, min far, her har eg fliken av kappa di i handa! Når eg har skore denne fliken av kappa di utan å drepa deg, må du då skjøna og forstå at eg ikkje har vondt eller svik i sinne. Eg har ikkje forbrote meg mot deg. Det er du som er etter meg og vil ta livet av meg. 13#1 Mos 16,5+; Sal 35,23+Herren skal dømma mellom meg og deg. Han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg. 14Eit gammalt ord seier: Frå urettferdige kjem det urett. Men eg vil ikkje leggja hand på deg. 15#26,20; 2 Sam 9,8 Kven er det Israels konge har drege ut etter? Kven er det du forfølgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe! 16Men Herren skal vera dommar og dømma mellom meg og deg. Han skal sjå til mi sak, føra henne og hjelpa meg til min rett mot deg.»
17 # 26,17 Då David hadde sagt alt dette til Saul, sa kongen: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» Så brast han i gråt 18og sa til David: «Det er du som har rett – ikkje eg. For du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg. 19I dag har du vist meg at du vil meg vel. Du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand. 20Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han dra sin veg i fred? Må Herren løna deg for det du har gjort mot meg i dag! 21#13,14 No veit eg at du skal bli konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand. 22Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydda ut etterkomarane mine og ikkje stryka namnet mitt ut av familien min.» 23Det lova David med eid. Så drog Saul heim, og David og mennene hans gjekk opp til fjellborga.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk