YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 1

1
Den gamle David og Abisjag
1 # 2 Sam 5,4 Kong David var no gammal og langt oppi åra. Dei breidde teppe over han, men han kunne ikkje bli varm. 2Tenarane hans sa til han: «Lat einkvan finna ei ung jente til deg, herre konge, ei jomfru som kan tena deg og stella for deg. Når ho ligg i din famn, blir du nok varm, herre konge.» 3Så leita dei i heile Israels-landet etter ei vakker, ung jente. Dei fann Abisjag frå Sjunem og førte henne til kongen. 4Det var ei svært vakker jente. Ho stelte kongen og tente han. Men kongen hadde ikkje omgang med henne.
Adonja vil bli konge
5 # 2 Sam 3,4; 15,1 Adonja, son til Haggit, gjorde seg høge tankar og sa: «Eg vil vera konge!» Og han skaffa seg vogn og hestar og femti mann som skulle springa framfor han. 6Far hans hadde aldri snakka han til rette og spurt kvifor han bar seg slik åt. Adonja var òg uvanleg vakker. Han var fødd nest etter Absalom.
7 # 1,7 Joab Davids hærførar. Jf. 2 Sam 8,16. Adonja samrådde seg med Joab, son til Seruja, og med presten Abjatar, som følgde han og støtta han. 8#1,8 Benaja sjef for livvakta. Jf. 2 Sam 8,18. Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok og Benaja, son til Jojada, profeten Natan, Sjimi, Re'i og dei beste krigarane til David.
9 # 1,9 Sohelet-steinen ein stein nær Jerusalem. Verbalrota shl kan tyda «å kravla». Steinen er difor ofte kalla «Slangesteinen». Rogel-kjelda >2 Sam 17,17. Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar ved Sohelet-steinen, som ligg like ved Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, sønene til kongen, og alle frå Juda som var i teneste hos kongen. 10Men profeten Natan, Benaja, krigarane og Salomo, bror sin, baud han ikkje inn.
11Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, utan at David, herren vår, veit om det? 12Kom, lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga livet til både deg og Salomo, son din. 13Gå og stig fram for kong David og sei til han: Herre konge, har ikkje du svore for tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone? Kvifor har då Adonja vorte konge? 14Og så, medan du enno står der og snakkar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta orda dine.»
15Då gjekk Batseba inn i kammeret til kongen. Kongen var no svært gammal, og Abisjag frå Sjunem tente han. 16Batseba knelte og bøygde seg for kongen, og kongen spurde: «Kva er det du vil?» 17Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone. 18Men no har Adonja vorte konge, utan at du, herre konge, veit om det. 19Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede. 20Men mot deg, herre konge, har heile Israel no vendt sine auge. Dei ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja på trona etter kongen. 21Elles kjem eg og Salomo, son min, til å stå som skuldige når du, herre konge, kviler hos fedrane dine.»
22Medan ho enno snakka med kongen, kom profeten Natan. 23Det vart meldt kongen at profeten Natan var der. Og han kom inn og steig fram for kongen og kasta seg med andletet mot jorda framfor han. 24«Herre konge», sa Natan, «har du sagt at Adonja skal bli konge etter deg og sitja på di trone? 25For i dag har han gått ned til Rogel-kjelda og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i hopetal. Han har bede til seg alle kongssønene, hærførarane og presten Abjatar. No et og drikk dei med han og ropar: Leve kong Adonja! 26Men meg, tenaren din, har han ikkje bede, og heller ikkje presten Sadok eller Benaja, son til Jojada, eller Salomo, tenaren din. 27Har dette hendt på ditt bod, herre konge, utan at du har late tenaren din vita kven som skal sitja på trona etter kongen?»
28Då tok kong David til orde og sa: «Kall Batseba inn til meg!» Ho steig fram for kongen og vart ståande der. 29#1 Sam 26,24; 2 Sam 4,9 Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud: 30Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal bli konge etter meg og sitja på trona i min stad, det set eg i verk i dag.» 31Batseba knelte for kongen, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Lenge leve min herre, kong David!»
Salomo blir konge
32 # 1 Krøn 29,21–25 Kong David sa: «Kall hit til meg Sadok, profeten Natan og Benaja, son til Jojada!» Dei steig fram for kongen, 33#Sak 9,9#1,33 Gihon-kjelda i Kedron-dalen, rett utanfor Jerusalems-murane. >2 Sam 5,8. og kongen sa til dei: «Ta med dykk mennene til kongen dykkar! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda. 34Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Dei skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! 35Så skal de følgja han hit opp. Og når han kjem, skal han setja seg på trona mi. Han skal bli konge i staden for meg. Det er han eg har sett ut til å styra over Israel og Juda.»
36Då tok Benaja, son til Jojada, til orde og sa til kongen: «Amen! Måtte Herren, min herre konges Gud, stadfesta det! 37Måtte Herren vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera trona hans endå større enn trona til kong David, herren min.»
38Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane. Dei lét Salomo ri på kong Davids muldyr og førte han ned til Gihon-kjelda. 39#1 Krøn 29,22 Presten Sadok hadde teke med seg hornet med olje frå teltet til Herren, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!» 40Så følgde heile folkemengda han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt, og det var som om jorda skulle rivna av ropa.
41Dette høyrde Adonja og alle gjestene som var hos han. Dei var nett ferdige med å eta då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slik ståk og larm i byen?» 42#2 Sam 18,27 Medan han enno tala, kom Jonatan, son til presten Abjatar. Adonja sa til han: «Kom hit, for du er ein påliteleg mann og kjem sikkert med gode meldingar.» 43«Tvert om!» svara Jonatan. «Vår herre, kong David, har gjort Salomo til konge. 44Kongen sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane med han, og dei lét Salomo ri på muldyret til kongen. 45Presten Sadok og profeten Natan salva han til konge ved Gihon-kjelda. Så drog dei opp att med jubelrop, og no er det oppstyr i byen. Det er den larmen de høyrer. 46Salomo har alt sett seg på kongetrona, 47og tenarane til kongen er òg komne for å ønskja herren vår, kong David, til lukke. Dei seier: Måtte din Gud gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera trona hans endå større enn di! Då bøygde kongen seg i bøn på leiet sitt 48og sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som i dag har laga det slik at det sit ein på trona etter meg, og late meg sjå det med mine eigne auge.»
49Då skalv alle gjestene hos Adonja av skrekk. Dei braut opp og gjekk kvar til sitt. 50#2 Mos 21,14#1,50 altarhorna =horn, altarhorn. Adonja vart så redd Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip fatt i altarhorna. 51Salomo fekk melding om at Adonja var vorten så redd kongen at han hadde gripe tak i altarhorna og sagt: «No må kong Salomo sverja på at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.» 52Salomo sa: «Oppfører han seg som ein heiderleg mann, skal det ikkje bli krumma eit hår på hovudet hans. Men gjer han seg skuldig i noko vondt, skal han døy.» 53Så sende kong Salomo folk av garde for å henta han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim.»

Currently Selected:

1. Kongebok 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy