YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 26

26
Portvaktene
1 # 2 Krøn 8,14 Avdelingane til portvaktene: Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-slekta. 2Mesjelemja fekk søner. Sakarja var den førstefødde, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde, 3Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande.
4Obed-Edom fekk søner. Sjemaja var den førstefødde, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte, 5Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han. 6Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i sin familie; for dei var djerve krigarar. 7Sønene til Sjemaja var: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn. 8Alle desse var etterkomarar av Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom 62 etterkomarar.
9Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn. 10Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar; 11den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.
12Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine. 13#24,31; 25,8 Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor. 14Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans. 15Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma. 16#26,16 Sjalleket-porten port i tempelmuren. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt: 17På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to. 18Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden. 19Dette var avdelingane til portvaktene, dei høyrde til Korah-slekta og Merari-slekta.
Tilsynsmenn og dommarar
20 # 26,20 Ahia =Septuaginta har «brørne deira». Namnet liknar det hebr. ordet for «brør». Andre levittar: Ahia hadde ansvar for skattkammera i Guds hus og for alt som var vigd til Herren. 21Ladan-sønene, etterkomarane av gersjonittane gjennom Ladan, leiarar for familiane til gersjonitten Ladan, jehielittane: 22Sønene til Jehiel, Setam og Joel, bror hans, hadde ansvaret for skattkammera i Herrens hus. 23Av slektene til Amram, Jishar, Hebron og Ussiel 24var det Sjubael, son til Gersjom, son til Moses, som var øvste tilsynsmannen over skattkammera. 25Slektningane hans frå Elieser var Rehabja, son hans, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot. 26Denne Sjelomot og brørne hans hadde ansvaret for skattane som var helga til Herren, dei som kong David og leiarane for familiane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane hadde helga. 27Av krigsbyttet hadde dei helga noko for å setja Herrens hus i stand. 28#1 Sam 9,9.11; 1 Krøn 9,22 Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde helga, alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.
29Av Jishar-slekta vart Kenanja og sønene hans sette til å arbeida utanfor heilagdomen, som tilsynsmenn og dommarar i Israel. 30Hasjabja av Hebron-slekta og brørne hans, 1700 dugande menn, hadde tilsyn med Israel på den andre sida av Jordan, i alt som hadde med arbeidet for Herren og tenesta for kongen å gjera. 31Til Hebron-slekta høyrde òg Jeria, som ifølgje slektshistoria var leiar for familiane til hebronittane. I det førtiande styringsåret til David vart det gjort ei undersøking, og det vart funne djerve krigarar mellom dei i Jaser i Gilead. 32Slektningane hans, 2700 dugande menn, var leiarar for familiane sine. Kong David sette dei over Ruben-stammen, Gad-stammen og halve Manasse-stammen til å ta seg av alt det som hadde med Gud og kongen å gjera.

Currently Selected:

1. Krønikebok 26: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy