Salmane 70

70
1Til korleiaren. Av David. Til påminning.
2 # 40,14ff Skund deg, Gud, og hjelp meg,
Herre, fri meg ut!
3 # 6,11+ Lat dei som står meg etter livet,
bli til skamme og til spott!
Lat dei som vil meg vondt,
dra seg tilbake utan ære!
4Lat dei som ler hånleg,
snu seg bort i skam.
5Lat alle som søkjer deg,
fryda og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Gud!»
6Men eg er hjelpelaus og fattig.
Skund deg, Gud!
Du er mi hjelp, du bergar meg.
Herre, dryg ikkje lenger!

ที่ได้เลือกล่าสุด:

Salmane 70: Bibel2011

เน้นข้อความ

คัดลอก

เปรียบเทียบ

แบ่งปัน

None

ต้องการเน้นข้อความที่บันทึกไว้ตลอดทั้งอุปกรณ์ของคุณหรือไม่? ลงทะเบียน หรือลงชื่อเข้าใช้