Sefanja 1
1
Sefanias spår i kong Josias' dagar, 1, um ein stor straffedom som skal koma yver heile jordi, 2.3, og serleg yver Juda og Jerusalem; der skal han tyna alle avgudsdyrkarane og dei som vanvyrder Gud, og straffa syndi i alle folkelag, 4-13. Herrens skræmelege dom alle som bur på jordi, er nær og ikkje til å koma undan, 14-18.
1Dette er Herrens ord som kom til Sefanias, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Esekias, i dei dagar då Josias Amonsson var konge i Juda.#2 Kong 22,1-7; 2 Krøn 34,1-7; Jer 1,1-2 2Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren. 3Eg vil taka burt menneske og dyr, taka burt fuglane i lufti og fiskane i havet og støytesteinane i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.#Hos 4,3; Jer 12,4; Matt 13,41 4Eg vil retta ut handi mot Juda, og alle dei som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden alt som er att av Ba'al, namnet åt avgudsprestane i lag med prestane,#2 Kong 23,5 5og dei som på taki bed til himmelheren, og dei som bed til Herren og sver han truskap, men samstundes sver ved kongen sin,#Jer 19,13; 44,17-18; 49,1#1,5 sin, Jer. 49,1. 6og dei som hev vendt seg burt frå Herren, og dei som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter han.#Jes 1,4 7Ver still for Herren, Israels Gud! For Herrens dag er nær; Herren hev laga til ei offerslakting, han hev vigt sine gjester.#Hab 2,20; Jes 34,6; Esek 39,17; Op 19,17-18 8Og på Herrens offerslaktings-dag vil eg heimsøkja hovdingane og kongssønene og alle som klæder seg i utanlands-klæde. 9På den dagen vil eg heimsøkja alle dei som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik. 10På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgdene.#2 Kong 22,14 11Jamra, de som bur i Morteren! For heile kana'anitar-folket er gjort til inkjes, og alle dei som bar på mengder av sylv, er utrudde.#Hos 12,8#1,11 Morteren ei dalsøkk i Jerusalem.#1,11 kana'anitar-folket kræmarfolket. 12I den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: Herren gjer korkje godt eller vondt.#Jer 48,11; Sal 94,7 13Eigedomen deira skal verta til herfang, og husi deira leggjast øyde. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i dei, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka vin frå dei.#Mi 6,15; Am 5,11 14Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast! Høyr! Det er Herrens dag! I redsla skrik då kjempa.#Sef 1,7; Joel 1,15; Esek 30,3 15Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og øydeleggjing, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodd,#Jer 30,7; Joel 2,2.10; Am 5,18.20 16ein dag med lurljom og herrop mot dei faste byer og mot dei høge murtindar. 17Då vil eg gjera folk so redde at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk. 18Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga dei på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja ein brå ende på alle dei som bur på jordi.#Job 20,20; Ordt 11,4; Esek 7,19
Currently Selected:
Sefanja 1: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2