Romarane 14
14
Den sterke skal taka seg av den veike, og den veike skal ikkje døma den sterke, 1-4, men kvar og ein skal gjera det han gjer, til æra for Herren, han som me alle skal svara for, 5-12. Ingen må bruka den kristelege fridomen soleis at han vert til støyt for trui åt bror sin, 13-21, heller ikkje bruka han når han ikkje kann gjera det utan med tvil, 22.23.
1Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankane hans!#Rom 15,1.7; 1 Kor 9,21-22 2Den eine hev tru so han et alle slag, men den som er veik, et berre urter.#1 Mos 1,29; 9,3 3Den som et, må ikkje vanvyrda den som ikkje et, og den som ikkje et, må ikkje døma den som et; for Gud hev teke seg av han.#Kol 2,16 4Kven er du som dømer annan manns tenar? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Herren hev makt til å halda han uppe.#Jak 4,12 5Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar jamgode; kvar lyt vera fullviss i sin eigen hug. 6Den som aktar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje aktar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud.#1 Kor 10,31; 1 Tim 4,3 7For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv -#2 Kor 5,15; Gal 2,20 8lever me, so lever me for Herren, og døyr me, so døyr me for Herren; anten me då lever eller døyr, høyrer me Herren til.#1 Kor 6,20 9For det var difor Kristus døydde og atter vart levande, at han skulde vera herre både yver levande og yver daude. 10Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.#Luk 6,37; Matt 25,31-46; 2 Kor 5,10; Rom 2,16 11For det stend skrive: So visst som eg lever, segjer Herren, for meg skal kvart kne bøygja seg, og kvar tunga skal prisa Gud.#Jes 45,23; Fil 2,10 12So skal då kvar av oss svara for seg sjølv framfor Gud.#Rom 2,6.16; 1 Pet 4,5 13So lat oss då ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar!#Matt 18,7; 1 Kor 10,32; 2 Kor 6,3 14Eg veit og er viss på det i Herren Jesus at ingen ting er urein i seg sjølv; men held nokon eitkvart for ureint, so er det ureint for han.#Matt 15,11; Apg 10,15; Tit 1,15 15Veld du no bror din sorg med maten din, då fer du ikkje fram med kjærleik lenger; ver ikkje med maten din årsak i at den som Kristus hev døytt for, vert fortapt!#1 Kor 8,11-13 16So lat no ikkje det gode de hev, verta til spott! 17For Guds rike ligg ikkje i mat og drykk, men i rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande,#1 Kor 8,8 18for den som i dette tener Kristus, han hev Gud hugnad i, og han tekkjest menneske. 19Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til uppbyggjing oss imillom!#Rom 15,2 20Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Visst er alt reint, men det er vondt for det mennesket som et med samvitsagg. 21Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på. 22Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv, for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han vel å gjera; 23men den som tvilar, han er dømd um han et, av di det ikkje er av tru han gjer det; alt som ikkje er av tru, er synd.#Rom 14,14
Currently Selected:
Romarane 14: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2