Romarane 1:26-28
Romarane 1:26-28 BIBEL1938
Difor gav Gud dei yver til skammelege lyster: både forvende kvinnone deira det naturlege umgjenget til eit som var imot naturi, og like eins gjekk mennene og burt frå det naturlege umgjenget med kvinna og tok til å brenna av gir etter kvarandre, so menn dreiv skjemdarverk med menn, og fekk på seg sjølve den løni dei var verde å få for villferdi si. Og som dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud dei yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde slikt som ikkje sømer seg