YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 24

24
David prisar Herren, han som hev skapt all jordi og er konge der, 1.2; han segjer at einast den rettferdige skal få koma til heilagdomen åt denne kongen og få lut i hans velsigning, 3-6, og bed portane til heilagdomen lyfta seg og taka imot herlegdoms-kongen, som no vil draga inn der, 7-10. / Herrens innferd i heilagdomen på Sion - som salmen eigenleg talar um (2 Sam 6) - er eit fyrebilete på det som ein gong skal henda: Messias kjem.
1Av David, ein salme. / Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur der.#2 Mos 19,5; 5 Mos 10,14; Sal 50,12 2For han hev grunnlagt henne på hav og grunnfest henne på strøymande vatn.#1 Mos 1,9-10; Sal 104,5; 136,6 3Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?#Sal 15,1-5 4Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.#Matt 5,8 5Han skal få velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.#Jes 48,18 6Dette er deira ætt som spør etter han, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.#Rom 9,6-7 7De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!#Sak 9,9 8Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldig, Herren veldig i strid.#2 Mos 15,3 9De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 10Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers Gud, han er kongen den herlege. Sela.

Currently Selected:

Salmane 24: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in