YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 13

13
David klagar for di Herren er sein til å hjelpa han i den store trengsla som fiendane hev ført yver han, 2.3, bed um berging, 4.5, og er i trui fullviss på at ho kjem, 6.
1Til songmeisteren; ein salme av David. 2Kor lenge, Herre, vil du allstødt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna di åsyn for meg?#Sal 44,25 3Kor lenge skal eg hysa sorger i mi sjel, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende høgmodast yver meg? 4Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden, 5so min fiende ikkje skal segja: Eg vann yver han, so mine motstandarar ikkje skal fagna seg når eg fell.#Sal 25,2 6Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.#Sal 103,2

Currently Selected:

Salmane 13: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in