YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 26

26
Herren set Moses og Aron til å telja Israels-borni ein gong til, 1-51. Kana'ans-landet skal skiftast millom dei med lutkasting, 52-56. Levitane vert talde for seg, 57-62. Berre Josva og Kaleb er no att av dei som vart mynstra fyrre gongen, 63-65.
1Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleasar, son åt Aron, presten: 2Tak tal på heile Israels-lyden, ættegrein for ættegrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år! 3So tala Moses og Eleasar, presten, til dei på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa: 4Alle menner som hev fyllt tjuge år, skal teljast - soleis som Herren hadde sagt til Moses og Israels-borni, dei som hadde fare frå Egyptarland.#4 Mos 1,2 5Ruben var eldste son åt Israel. Og Rubens-borni det var: Hanokitane, ætti etter Hanok, pallu'itane, ætti etter Pallu,#2 Mos 6,14; 1 Krøn 5,3 6hesronitane, ætti etter Hesron, karamitane, ætti etter Karmi. 7Dette var Rubens-ættene, og av dei var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart mynstra. 8Son åt Pallu heitte Eliab. 9Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren,#4 Mos 16,1-19; Sal 106,16-43 10og jordi let upp gapet sitt og gløypte både dei og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennene, so heile flokken umkomst og vart til eit teikn.#4 Mos 16,31-35; 5 Mos 11,6 11Men borni åt Korah miste ikkje livet. 12Simeons-borni var, etter ættene deira: Nemuelitane, ætti etter Nemuel, jaminitane, ætti etter Jamin, jakinitane, ætti etter Jakin,#1 Mos 46,10 13serahitane, ætti etter Serah, sa'ulitane, ætti etter Sa'ul. 14Dette var Simeons-ættene, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann. 15Gads-borni var, etter ættene deira: Sefonitane, ætti etter Sefon, haggitane, ætti etter Haggi, sunitane, ætti etter Suni, 16osnitane, ætti etter Osni, eritane, ætti etter Eri, 17aroditane, ætti etter Arod, arelitane, ætti etter Areli. 18Dette var Gads-ættene; av dei var det fyrti tusund og fem hundrad mann som vart mynstra. 19Av borni åt Juda døydde tvo i Kana'anslandet; dei heitte Er og Onan.#1 Mos 38,3-10 20Dei hine Juda-borni var, etter ættene deira: Selanitane, ætti etter Sela, peresitane, ætti etter Peres, serahitane, ætti etter Serah. 21Og Peres-borni var: Hesronitane, ætti etter Hesron, hamulitane, ætti etter Hamul.#Rut 4,18; 1 Krøn 2,5 22Dette var Juda-ættene. Av dei vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann mynstra. 23Issakars-borni var, etter ættene deira: Tola'itane, ætti etter Tola, punitane, ætti etter Puva, 24jasubitane, ætti etter Jasub, simronitane, ætti etter Simron. 25Dette var Issakars-ættene. Av dei var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra. 26Sebulons-borni var, etter ættene deira: Sarditane, ætti etter Sered, elonitane, ætti etter Elon, jahle'elitane, ætti etter Jahle'el. 27Dette var Sebulons-ættene. Av dei var det seksti tusund og fem hundrad mann som var mynstra. 28Borni åt Josef var, etter ættene deira: Manasse og Efra'im. 29Manasse-borni var: Makiritane, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå han var gileaditane ætta. 30Gileads-borni det var: Jesritane, ætti etter Jeser, helkitane, ætti etter Helek,#Jos 17,2 31asrielitane, ætti etter Asriel, sikmitane, ætti etter Sekem, 32semida'itane, ætti etter Semida, hefritane, ætti etter Hefer. 33Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.#4 Mos 27,1; 36,11 34Dette var Manasse-ættene. Av dei var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart mynstra. 35Efra'ims-borni det var, etter ættene deira: Sutelahitane, ætti etter Sutelah, bakritane, ætti etter Beker, tahanitane, ætti etter Tahan. 36Og Sutelah-borni det var: Eranitane, ætti etter Eran. 37Dette var Efra'ims-ættene; av dei var det tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart mynstra. Det var Josefs-borni etter ættene deira. 38Benjamins-borni var, etter ættene deira: Balitane, ætti etter Bela, asbelitane, ætti etter Asbel, akiramitane, ætti etter Akiram, 39sufamitane, ætti etter Sefufam, hufamitane, ætti etter Hufam. 40Og Bela-borni var: Ard og Na'aman; ættene etter dei var arditane og na'amitane. 41Dette var Benjamins-borni etter ættene deira; av dei var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som vart mynstra. 42Dans-borni var, etter ættene deira: Suhamitane, ætti etter Suham. Dette var Dans-ættene etter ættetavla deira; 43Suhamit-ættene var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann. 44Asers-borni var, etter ættene deira: Jimna'itane, ætti etter Jimna, jisvitane, ætti etter Jisvi, beri'itane, ætti etter Beria. 45Og Beria-borna var: Hebritane, ætti etter Heber, malkielitane, ætti etter Malkiel. 46Dotter åt Aser heitte Serah. 47Dette var Asers-ættene; av dei var det tri og femti tusund og fire hundrad mann som vart mynstra. 48Naftali-borni var, etter ættene deira: Jahse'elitane, ætti etter Jahse'el, gunitane, ætti etter Guni,#1 Krøn 7,13 49jisritane, ætti etter Jeser, sillemitane, ætti etter Sillem. 50Dette var Naftali-ættene etter ættetavla deira; av dei var det fem og fyrti tusund og fire hundrad mann som vart mynstra. 51So mange var det som vart mynstra av Israels-borni, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann.#2 Mos 12,37 52Og Herren tala til Moses og sa: 53Millom desse skal landet skiftast ut til eigedom etter folketalet. 54Den ætti som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk, mindre; kvar ætt skal få land etter talet på dei som vart mynstra der.#4 Mos 33,54 55Landet skal skiftast på den måten at dei kastar lut um bygdene, og alle som hev same ættenamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget. 56Kvar skal få det som fell på han etter luten, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom dei. 57Dette var dei levitane som vart mynstra, etter ættene sine: Gersonitane, ætti etter Gerson, kahatitane, ætti etter Kahat, meraritane, ætti etter Merari.#2 Mos 6,16-30; 4 Mos 3,17-39 58Desse ættgreinene var det i Levi-ætti: Libnitane, hebronitane, mahlitane, musitane, korahitane. Kahat var far åt Amram, 59og kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønene Aron og Moses, og Mirjam, syster deira.#2 Mos 2,1-4; 6,20-30; 1 Krøn 6,2-3 60Og Aron fekk sønene Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar. 61Men Nadab og Abihu døydde då dei bar framand eld fram for Herrens åsyn.#3 Mos 10,1-2 62Av levitane var det tri og tjuge tusund som vart mynstra, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje mynstra saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje hadde fenge nokon odel millom dei. 63Dette var dei som Moses og Eleaser, presten, talde då dei mynstra Israels-borni på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko. 64Millom dei fanst det ingen som Moses og Aron, presten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-borni i Sinaiøydemarki.#4 Mos 1,2-16 65For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.#4 Mos 14,22-24.29-33; 32,11-12; 1 Kor 10,5

Currently Selected:

4. Mosebok 26: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 26