4. Mosebok 10
10
Moses skal gjera tvo sylvlurar, som dei skal bruka når lyden skal kallast i hop på ferdi i øydemarki, i ufredstider og i høgtidene, 1-10. Israels-borni tek ut frå Sinai-øydemarki til Paran-øydemarki, fylkte so som Herren hev sagt, 11-28. Moses bed verbror sin vera med, 29-32. Paktkista fer fyre dei, 33.34. Bøni som Moses bed kvar gong kista tek ut og let seg ned, 35.36.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Dei skal du hava til å kalla lyden i hop med og til å varsla folket når lægret skal flytjast. 3Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri; 4blæs de berre i ein, so skal styresmennene, hovdingane yver Israels-ættene, samla seg hjå deg. 5Når de blæs alarm, so skal dei flokkane fara i veg som hev lægret sitt i aust; 6når de blæs alarm andre gongen, so skal dei som ligg i sud, taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret; 7men når du vil kalla lyden i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurane og ikkje blåsa alarm. 8Arons-sønene, prestane, er det som skal blåsa i dei. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk, frå ætt til ætt. 9Og når de gjeng i strid i landet mot ein fiende som tek på dykk, so skal de blåsa alarm med lurane; då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug, so de vert berga for fiendane.#4 Mos 31,6; 2 Krøn 13,12.14 10Og på glededagane dykkar og høgtidene og nymåne-dagane skal de låta i lurane når de ofrar brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk; eg er Herren dykkar Gud.#2 Krøn 7,6 11Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå vitnemåls-tabernaklet, 12Då tok Israels-borni ut og for frå Sinaiøydemarki, dagsleid etter dagsleid, og skyi let seg ned att i Paranøydemarki.#4 Mos 12,16 13Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for dei. 14Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken; 15yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar, 16og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon. 17So vart tabernaklet teke ned, og Gersons-borni og Merari-borni for i veg, dei som bar tabernaklet.#4 Mos 4,24-26.29-32; 7,6-7 18So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede'ur, som stod yver Rubens-flokken; 19yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai, 20og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt De'uel. 21So tok Kahats-borni i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist tabernaklet.#4 Mos 4,4-20; 10,17#10,21 hine V. 17. 22So tok Efra'ims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efra'ims-flokken; 23yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur, 24og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni. 25So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk; dei var attarst i fylkingi. Det var Akieser, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken; 26yver Asers-flokken stod Pagiel, son åt Okran, 27og yver Naftali-flokken Akira, son åt Enan. 28Soleis var Israels-borni fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei tok ut, 29sa Moses til Hobab, son åt Re'uel frå Midian, verfar hans Moses: No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel alt som godt er.#2 Mos 2,18; 3,1; 18,1-12 30Hobab svara: Nei, eg vil fara heim til mitt eige land og mi eigi ætt. 31Då sa Moses: Å nei, gakk ikkje frå oss! Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt! 32Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss. 33So for dei då frå Herrens fjell tri dagsleider fram, og Herrens paktkista for fyre dei alle tri dagane og leita etter ein kvilestad for dei. 34Herrens sky stod yver dei um dagen når dei for ifrå lægret. 35Og kvar gong kista tok i veg, sa Moses: Reis deg, Herre, so fiendane dine vert spreidde, og dei som hatar deg, flyr for di åsyn!#Sal 68,2 36Og når ho let seg ned, sa han: Kom attende, Herre, til alle dei tusund Israels-ættene!
Currently Selected:
4. Mosebok 10: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: