4. Mosebok 1
1
Herren set Moses og Aron og ættehovdingane til å taka tal på Israels-lyden, 1-16; dei mynstrar og tel alle våpnføre menner, kvar ætt for seg, 17-46. Levitane vert ikkje mynstra; dei skal gjera tenesta i tabernaklet og lægra seg rundt i kring det, og dei andre ættene kringum dei att, 47-54.
1So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses i Sinaiøydemarki, i møtetjeldet, og sa: 2De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner og skriva upp namni deira - alle karar, ein for ein,#4 Mos 26,2 3frå tjugeårsalderen og uppetter; alle våpnføre menner i Israel skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron. 4Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinene i ætti. 5So heiter dei mennene som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede'ur; 6av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai; 7av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;#Rut 4,19-20; Matt 1,4 8av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar; 9av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon; 10av Josefs-sønene: Elisama, son åt Ammihud, av Efra'ims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti, 11av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni; 12av Dans-ætti: Akieser, son åt Ammisaddai; 13av Asers-ætti: Pagiel, son åt Okran; 14av Gads-ætti: Eljasaf, son åt De'uel; 15av Naftali-ætti: Akira, son åt Enan. 16Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreættene sine, hovdingane yver Israels-ættene. 17So henta Moses og Aron dei mennene som var namngjevne, 18og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 19soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra dei i Sinaiøydemarki. 20Fyrst mynstra han dei som var frå sønene hans Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 21so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann. 22So mynstra han dei som var ætta frå Simeons-sønene, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 23so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann. 24So mynstra han dei som var ætta frå Gads-sønene, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 25so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann. 26So mynstra han dei som var ætta frå Juda-sønene, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 27so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann. 28So mynstra han dei som var ætta frå Issakars-sønene, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 29so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann. 30So mynstra han dei som var ætta frå Sebulons-sønene, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 31so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann. 32So mynstra han dei som var ætta frå Josefs-sønene: Då alle dei våpnføre av Efra'ims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 33so var det fyrti tusund og fem hundrad mann; 34og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 35so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann. 36So mynstra han dei som var ætta frå Benjamins-sønene, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 37so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann. 38So mynstra han dei som var ætta frå Dans-sønene, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 39so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann. 40So mynstra han dei som var ætta frå Asers-sønene, og då alle dei våpnføre av Asers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 41so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann. 42So mynstra han dei som var ætta frå Naftali-sønene, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner, 43so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann. 44Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingane var tolv i talet, ein for kvar ætt. 45Og talet på dei av Israels-borni som vart mynstra etter ættgreinene sine, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter, 46var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra,#2 Mos 12,37; 38,26; 4 Mos 2,32-34 47Levitane etter si fedreætt vart ikkje mynstra i hop med dei hine Israels-borni. 48For Herren tala til Moses og sa: 49Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hine Israels-borni. 50Set levitane til å stella med tabernaklet som vitnemålet er gøymt i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal bera tabernaklet og all bunaden, og dei skal taka vare på tabernaklet og lægra seg rundt ikring det. 51Når tabernaklet skal flytjast, so skal levitane taka det ned, og når det skal reisast, skal levitane setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.#4 Mos 3,10.38; 18,7#1,51 framand d. e. som ikkje høyrer til Levi-ætti. 52Israels-borni skal lægra seg i flokk, kvar i sitt eige læger og innmed si fana;#4 Mos 2,2-3 53men levitane skal lægra seg kringum vitnemåls-tabernaklet, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitane som lyt gjera det som skal gjerast med vitnemåls-tabernaklet. 54Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt Moses fyre.
Currently Selected:
4. Mosebok 1: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: