YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 1

1
Jesu ættetavle, 1-17; han vert fødd av møyi Maria, 18-25.
1Soga um Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son.#Luk 3,23-38 2Abraham fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans,#1 Mos 21,2-3; 25,26; 29,35 3og Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar, og Peres fekk sonen Hesron, og Hesron fekk sonen Ram,#1 Mos 38,29-30; Rut 4,18-22; 1 Krøn 2,5.9-22 4og Ram fekk sonen Aminadab, og Aminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salmon, 5og Salmon fekk sonen Boas med Rahab, og Boas fekk sonen Obed med Rut, og Obed fekk sonen Isai, 6og Isai var far åt David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona åt Uria,#1 Sam 17,12; 2 Sam 12,24 7og Salomo fekk sonen Rehabeam, og Rehabeam fekk sonen Abia, og Abia fekk sonen Asa,#1 Kong 11,43; 14,31; 15,8 8og Asa fekk sonen Josafat, og Josafat fekk sonen Joram, og Joram fekk sonen Ussias,#1 Kong 15,24; 22,51; 1 Krøn 3,11-12 9og Ussias fekk sonen Jotam, og Jotam fekk sonen Akas, og Akas fekk sonen Esekias,#2 Kong 15,7; 16,1.20 10og Esekias fekk sonen Manasse, og Manasse fekk sonen Amon, og Amon fekk sonen Josias,#2 Kong 20,21; 21,18.24 11og Josias fekk Jekonja og brørne hans; dei levde i den tidi då folket vart ført til Babylon.#2 Kong 23,34; 24,6; 1 Krøn 3,15-16 12Etter dei vart førde til Babylon, fekk Jekonja sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk sonen Serubabel,#1 Krøn 3,17; Esra 3,2; Hag 1,1 13og Serubabel fekk sonen Abiud, og Abiud fekk sonen Eljakim, og Eljakim fekk sonen Asor, 14og Asor fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Akim, og Akim fekk sonen Eliud, 15og Eliud fekk sonen Eleasar, og Eleasar fekk sonen Mattan, og Mattan fekk sonen Jakob, 16og Jakob var far åt Josef, mannen hennar Maria som fødde Jesus til verdi, han me kallar Kristus. 17Soleis er det i alt fjortan ættleder frå Abraham til David, og fjortan ættleder frå David til Babylon-ferdi, og fjortan ættleder frå Babylon-ferdi til Kristus. 18Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef; og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande.#Luk 1,26-35 19Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde. 20Medan han no grunda på dette, då synte ein engel frå Herren seg for han i draume og sa: Josef, Davids son, ver ikkje redd å taka Maria, festarmøyi di, heim til deg; for det som er avla i henne, er av den Heilage Ande.#Luk 1,35 21Ho skal eiga ein son, og han skal du kalla Jesus; for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.#Luk 1,31; Apg 4,12; 10,43 22Men alt dette hende av di det laut sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer:#Jes 7,14 23Sjå, møyi skal verta med barn og få ein son, og han skal kallast Immanuel - det er det same som: Gud er med oss.#Jes 8,8.10 24Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og flutte bruri si heim. 25Men han kom ikkje nær henne fyrr ho hadde fenge sonen sin; honom kalla han Jesus.

Currently Selected:

Matteus 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy