YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 11

11
Herren gjev lover um reine og ureine dyr, 1-47.
1Og Herren tala til Moses og Aron og sa til dei: 2Tala til Israels-borni og seg: Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som lever på jordi:#5 Mos 14,4-6 3Alle firføtte dyr som hev klauver og jortar, dei kann de eta. 4Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk, 5og bergtassen, for han jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk, 6og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk, 7og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. 8Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva dei; dei skal vera ureine for dykk. 9Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet - i havet og elvane - og hev uggar og reist, kann de eta. 10Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller elvar, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk. 11Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kroppane deira. 12Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk. 13Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ein styggedom: Ørnen og sjøørnen og fiskeørnen 14og glenta og heile falkeætti 15og alle fuglar av ramneætti 16og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag 17og kattula og kavfuglen og stunulven 18og kveldknarren og pelikanen og gribben 19og storken, og hegren med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja. 20Alt krek som hev venger og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk. 21Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføtene hev legger til å hoppa på marki med. 22Av det kann de eta dei slagi som dei kallar arbe og solam og hargol og hagab.#11,22 hagab ymse slag engsprettor. 23Men alt anna krek som hev venger og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk. 24No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, skal vera urein alt til kvelds,#3 Mos 5,2 25og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds -: 26Alle firføtte dyr som hev høver og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær dei, vert urein. 27Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær dei når dei er daude, skal vera urein alt til kvelds, 28og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk. 29Av alle smådyr som røyver seg på jordi, er det desse som skal vera dei ureinaste for dykk: moldvarpen og musi og alle fjorføtleslag, 30og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og kameleonen.#11,30 kameleonen tydingi av dei hebraiske namni er uviss. 31Dei skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær dei når dei er daude, skal vera urein alt til kvelds. 32Og alt det som slike dyr dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekker og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn og vera ureint alt til kvelds; sidan er det reint. 33Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og koppen sjølv skal slåast sund. 34All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i. 35Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; anten det er omn eller gryta, so skal dei brjotast sund; dei er ureine og skal vera ureine for dykk. 36Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, skal vera like reine; men den som kjem nær den daude kroppen som ligg der, vert urein. 37Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint, 38men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk. 39Daudar noko av dei firføtte dyri som skal vera til føda for dykk, so skal den som kjem nær skrotten deira, vera urein alt til kvelds, 40den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og vera urein alt til kvelds.#3 Mos 17,15 41Alt kreket som krelar på marki, skal vera ein styggedom og må ikkje etast. 42Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; det skal vera ein styggedom. 43Gjer dykk ikkje sjølve til eit stygge med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine! 44For eg er Herren dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje gjera dykk sjølve ureine med noko av det kreket som krabbar på marki.#3 Mos 19,2-10; 20,7-9; 1 Pet 1,16 45For eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.#3 Mos 19,36; 22,32-33 46Dette er lovi um dei firføtte dyri og fuglane og alt det levande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi, 47so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast, frå det som ikkje må etast.

Currently Selected:

3. Mosebok 11: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in