Jakob 2
2
Dei truande skal ikkje gjera skil på fatig og rik, 1-7, men syna kjærleik mot alle og ferdast etter Herrens bod, 8-13. Tru utan gjerning er daud og frelser ikkje, 14-26.
1Mine brør, lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg at de gjer skil på folk!#Jak 2,9; Job 13,10 2For um det kjem ein mann inn i samlingi dykkar med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde, 3og de ser på han som hev den skinande klædnaden, og segjer: Set du deg her i god sess! og de segjer til den fatige: Statt de der, eller set deg nedfor fotskammelen min! - 4gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og hev vorte domarar med vonde tankar? 5Høyr no, mine kjære brør: Hev ikkje Gud valt ut dei som er fatige på verdsens gods, til å vera rike i trui og ervingar til det riket han hev lova dei som elskar han?#1 Kor 1,26; 2,9 6Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolane?#1 Kor 11,22 7Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som de er nemnde med? 8I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter Skrifti: Du skal elska næsten din som deg sjølv, so gjer de vel;#3 Mos 19,18; Matt 22,39 9Men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar.#3 Mos 19,15 10For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev brote saka i alt.#Matt 5,19; Gal 3,10 11For han som sa: Du skal ikkje gjera hor, han sa og: Du skal ikkje slå i hel. Um du då ikkje gjer hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar.#2 Mos 20,13-14 12Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov! 13For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen.#Matt 5,7; 18,35; 25,41-42 14Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa han?#Gal 5,6; Tit 3,8 15Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen,#1 Joh 3,17-18 16og ein av dykk segjer til dei: Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette! men de ikkje gjev dei det som lekamen treng, kva gagnar so det? 17Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv.#Jak 2,26 18Men ein kann segja: Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, so skal eg syna deg mi tru av mine gjerningar. 19Du trur at Gud er EIN; du gjer rett; djevlane trur og det og skjelv.#Mark 1,24 20Og vil du vita det, du dårlege menneske, at trui er nyttelaus utan gjerningar? 21Abraham, ættefaren vår, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret?#1 Mos 22,10.12 22Du ser at trui verka saman med gjerningane hans, og at trui vart fullkomi ved gjerningane,#Hebr 11,17 23og Skrifti vart uppfyllt, som segjer: Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd, og han vart kalla Guds ven.#1 Mos 15,6; 2 Krøn 20,7; Jes 41,8 24De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje ved tru åleine. 25Like eins og med Rahab, skjøkja: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennene og slepte dei ut ein annan veg?#Jos 2,1-21; 6,25; Hebr 11,31 26For liksom lekamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.#Jak 2,17
Currently Selected:
Jakob 2: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: