Jesaja 19
19
Profeten forkynner at Herren skal senda allslags ulukkor yver Egyptarland; han skal heimsøkja landet med borgarkrig, gjeva det i hendene på ein hardstyrar og føra det i stor naud ved vassløysa; soleis skal visdomen åt dei stolte egyptar-vismennene verta reint til skammar, og heile folket verta rådlaust og modlaust, 1-15. Egyptarane skal i dette sjå Israels Guds hand og tena han, og då skal han fria dei ut or trengsla og gjera mot dei som han til dessa hev gjort mot Israel, 16-22. Då skal det ikkje vera fiendskap lenger millom Egyptarland og Assyria, men fredleg samkvæme; båe riki skal tena Herren, og han skal signa dei saman med Israel og gjeva dei det vitnemålet at dei høyrer han til, 23-25.
1Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudane i Egyptarland for han, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet.#Jer 46,2-12.25; Esek 29,2-12; 30,4-5; 2 Mos 12,12; Jer 43,12 2Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror og ven mot ven, by mot by og rike mot rike.#Matt 24,7 3Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal søkja til avgudane og trollmennene og daudingmanarane og spåmennene sine.#Job 5,12-13; Jes 8,10.19; 2 Kong 1,2-8; Esek 21,21 4Eg skal gjeva egyptarane i hendene på ein hard herre, og ein streng konge skal råda yver dei, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud. 5Og vatnet i havet kverv, og elvi grynnest og turkast ut.#19,5 havet Nilelvi når ho fløymer utyver. 6Elvane tevjar, kanalane minkar og turkast ut, røyr og sev visnar. 7Engjane frammed elvi, på elvebakken, og alt åkerland langs elvi turkast upp, fyk burt og kverv. 8Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i elvi, syrgjer, og dei som set garn i vatnet, stend modlause. 9Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty. 10Landsens grunnpilarar er nedbrotne; alle dei som arbeidar for løn, er hugsjuke. 11Berre dårar er hovdingane i Soan; dei visaste millom rådgjevarane åt Farao gjev fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: Eg er ætta frå vismenner, frå kongane i gamletidi? 12Kvar er då vismennene dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers Gud, hev etla seg til å gjera med Egyptarland? 13Nei, fyrstane i Soan hev vorte dårar, fyrstane i Nof hev vorte til narr, og ættehovdingane hev ført Egyptarland på villstig. 14Herren hev rent ut ei svimringsånd i dei, so dei hev ført Egyptarland vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.#Jes 29,10-14 15Egyptarland skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre.#Jes 9,14 16I den tidi skal Egyptarland vera som kvinnor, det skal bivra og reddast for den lyfte handi åt Herren, allhers Gud, som han svingar imot det. 17Og Judalandet vert ei redsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers Gud, tek imot det. 18I den tidi skal det vera fem byar i Egyptarlandet som talar Kana'ans tungemål og sver Herren, allhers Gud, truskap; ein av dei skal heita Ir-Haheres.#Jes 45,23#19,18 Ir-Haheres nedrivnings-byen. 19I den tidi skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptarlandet, og ein minnestein for Herren ved landskilet.#1 Mos 28,18.22; 2 Mos 24,4 20Det skal vera til eit merke og eit vitne i Egyptarlandet for Herren, allhers Gud; når dei ropar til Herren for trælkarane skuld, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann og berga dei.#Dom 2,16.18; 3,9 21Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptarland, og egyptarane skal kjenna Herren i den tidi, og dei skal bera fram slaktoffer og matoffer og gjera lovnader til Herren og halda dei.#Sal 68,32; 4 Mos 30,3-17; 5 Mos 23,22-23; Sal 4,6; 50,23; 51,19.21 22Herren skal slå Egyptarland, slå, men og lækja, og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra dei og lækja dei. 23I den tidi skal det vera ein brøytt veg frå Egyptarland til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptarland, og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane. 24I den tidi skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptarland og Assyria, ei velsigning midt på jordi, 25for di Herren, allhers Gud, hev signa det og sagt: Signa vere Egyptarland, mitt folk, og Assyria, verket av mine hender, og Israel, min arv!
Currently Selected:
Jesaja 19: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2