Hebrearane 9
9
Heilagdomen åt den gamle pakti, med gognene og heile innreidingi der, 1-5, var ufullkomen, liksom og heile den tenesta som gjekk fyre seg der, 6-10; men Kristi tenesta som øvsteprest i den himmelske heilagdomen er fullkomi, 11-14, og han sjølv er millommann for den nye pakti ved blodet, som eig æveleg kraft, 15-28.
1No hadde vel og den fyrste pakti sine fyresegner um gudstenesta og sin jordiske heilagdom.#2 Mos 25,8 2For det vart laga eit tjeld, det fremste, og i det var både ljosestaken og bordet og skodebrødi; dette vert kalla det Heilage.#2 Mos 26,1-37; 25,23-31; 3 Mos 24,5-9 3Og attanfor det andre forhenget var det tjeldet som vert kalla det Høgheilage,#2 Mos 26,33 4og som hadde eit røykjelses-altar av gull og paktkista, som var klædd heilt kringum med gull; i henne var ei gullkrukke med manna og Arons stav, som hadde blømt, og pakt-tavlone,#1 Kong 6,22; 2 Mos 25,10; 16,33; 4 Mos 17,8.10; 2 Mos 25,21 5og uppyver henne herlegdoms kjerubar, som skygde yver nådestolen; men um desse ting skal me ikkje no tala stykke for stykke.#2 Mos 25,18 6Men sidan no dette er laga soleis, so gjeng prestane alltid inn i det fremste tjeldet når dei gjer si tenesta;#4 Mos 18,3-7 7men i det andre gjeng berre øvstepresten inn ein gong um året, ikkje utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for misferdene åt folket.#3 Mos 16,2-28; Hebr 5,3 8Dermed syner den Heilage Ande dette at vegen til heilagdomen endå ikkje er openberra so lenge det fremste tjeldet stend.#Joh 14,6; Hebr 10,19-20 9For dette er eit bilete alt til den noverande tid, og i samhøve dermed vert både gåvor og slaktoffer framborne, 10som like vel ikkje kann gjera den fullkomen etter samvitet som tener Gud, men som berre er kjøtlege fyresegner, saman med mat og drykk og alle slag tvættingar, pålagde til dess tidi til rettarboti kom.#Apg 13,39; Gal 3,21; 3 Mos 11,2-47; 4 Mos 19,7-10 11Men då Kristus kom som øvsteprest for dei tilkomande gode ting, gjekk han gjenom det større og fullkomnare tjeldet, det som ikkje er laga med hender, det er: som ikkje er av denne skapning,#Hebr 3,1; 4,14 12og ikkje med blod av bukkar eller kalvar, men med sitt eige blod, ein gong inn i heilagdomen og fann ei æveleg utløysing.#3 Mos 16,3; Apg 20,28; Hebr 7,27; 10,12; 3 Mos 16,14; 4 Mos 19,9-10 13For dersom blodet av bukkar og uksar og oska av ei kvige, når det vert skvett ut yver det ureine, helgar til reinleik på kjøtet, 14kor mykje meir skal då blodet av Kristus, som ved ei æveleg ånd bar seg sjølv fram som eit ulastande offer for Gud, reinsa samvitet dykkar frå daude gjerningar til å tena den levande Gud!#1 Pet 1,19; Op 1,5; Gal 1,4; 2,20; Tit 2,14; Luk 1,74; Rom 6,13; 1 Tess 1,9; Hebr 6,1 15Og difor er han millommann for ei ny pakt, for at dei som er kalla, skal få den ævelege arven som var lova sidan ein hev døytt til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakti.#Hebr 12,24; 1 Tim 2,5; Rom 5,6 16For der det finst eit testament, der lyt det verta stadfestast at han som hev gjort testamentet, er avliden; 17for eit testament vert fyrst gjeldande etter dauden, då det aldri hev kraft so lenge han lever som gjorde det.#Gal 3,15 18Difor vart heller ikkje den fyrste pakti innvigd utan blod; 19for kvart bod etter lovi var forkynt av Moses, so tok han blod av kalvar og bukkar saman med vatn og skarlakraud ull og isop og skvette både på boki sjølv og på alt folket og sa:#2 Mos 24,6-8 20Dette er blodet til den pakti som Gud hev gjeve bod um til dykk.#Matt 26,28 21Men ogso tjeldet og all reidskapen som høyrde til gudstenesta, skvette han like eins blod på.#2 Mos 29,21; 3 Mos 8,15.19 22Og mest alt vert etter lovi reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen forlating.#3 Mos 17,11; Ef 1,7 23So er det då naudsynleg at avbileti av dei himmelske ting vert reinsa med slikt, men dei himmelske ting sjølve med betre offer enn desse. 24For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender og berre var eit bilete av den sanne, men inn i sjølve himmelen, til å syna seg no for Guds åsyn for vår skuld,#Rom 8,34; 1 Joh 2,1 25og ikkje heller so at han fleire gonger skulde ofra seg sjølv, liksom øvstepresten kvart år gjeng inn i heilagdomen med framandt blod;#2 Mos 30,10; 3 Mos 16,2-28 26for då hadde han ofte lote lida frå verdi vart grunnlagd; men no er ha openberra ein gong ved enden av tidene til å taka burt syndi ved sitt offer.#Hebr 9,12.28; Gal 4,4 27Og liksom det er so laga at menneski lyt døy ein gong, og sidan kjem dom, 28soleis er og Kristus ofra ein gong for å taka burt syndene frå dei mange; og andre gongen skal han, utan synd, syna seg til frelsa for dei som ventar på han.#Rom 5,6.8
Currently Selected:
Hebrearane 9: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2